Historisk låge dødstal på vegane våre

Trafikkulukker, og ikkje minst dødsulukker, går stadig nedover på norske vegar, viser tal frå Statens vegvesen. Så langt i år har ingen mista livet i trafikken i Sogn og Fjordane.

Trafikkulukker, og ikkje minst dødsulukker, går stadig nedover på norske vegar, viser tal frå Statens vegvesen. Så langt i år har ingen mista livet i trafikken i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein må tilbake til bilens ungdomstid for å finne så få trafikkdrepne i Norge som no.

DEL

To personar omkom på norske vegar i mars månad, viser tal frå Statens vegvesen. Og så langt i år har 16 mista livet i trafikken. Begge deler er rekordlåge tal, konstaterer vegdirektør Terje Moe Gustavsen:

- Det er dei lågaste førstekvartals-tala vi har sett sidan vi starta å lage skikkeleg statistikk. Eg trur vi må 70-80 år tilbake i tid for å finne liknande tal, så det blir stadig tryggare å ferdast på norske vegar, slår han fast.

Null i vårt fylke

Dei siste fem åra har talet på trafikkdrepne svinga mellom 17 og 36 personar på landsbasis. Hittil i år er det ikkje registrert trafikkdrepne i Sogn og Fjordane, til liks med Finnmark, Buskerud, Telemark, Vest-Agder og Hordaland.

Når det gjeld sjansen for å miste livet i trafikken, er det aller farlegast i sitje i ein personbil. Her skjer tre av fire dødsulukker, og mange av dei skjer i møteulukker. Men også utforkøyringar og påkøyrsle av fotgjengarar krev framleis liv.

Menn langt større risiko

I fjor mista 107 personar livet i trafikkulukker, og det var det lågaste talet på over 70 år. Ikkje uventa plasserer den gode utviklinga Norge heilt på toppen i Europa når det gjeld å få bukt med dødsulukker på vegane. Denne statistikken tek omsyn til folketal og antal køyrde kilometer.

Kjønnsfordelinga når det gjeld trafikkdød her i landet er framleis skeiv. Menn er overrepresentert, og av dei 16 omkomne hittil i år er 12 menn.

Men trass i gode tal og positiv utvikling, er ikkje Gustavsen nøgd:

- Vi er sjølvsagt glade for nedgangen. Men samtidig er 16 drepne i trafikken, 16 for mange. Dette handlar om langt meir enn tal og statistikk. Lukkast vi med å få stadig fleire til å køyre etter forholda og halde fartsgrensene, køyre rusfritt og bruke bilbelte, er gevinsten for trafikktryggleiken stor. Vi har alle eit felles ansvar for å ferdast trygt i trafikken, seier vegdirektøren.

Artikkeltags