Har forskjellsbehandla sogne- og kystpassasjerar i 20 år

STOR SKILNAD: Skal billettprisen på Sognebåten hevast til Nordfjordbåt-nivå, vil takstauken på dei ulike stoppestadane bli frå 19 til 41 prosent. Biletet er frå Rysjedalsvika.

STOR SKILNAD: Skal billettprisen på Sognebåten hevast til Nordfjordbåt-nivå, vil takstauken på dei ulike stoppestadane bli frå 19 til 41 prosent. Biletet er frå Rysjedalsvika. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Passasjerane på Nordfjordbåten betalar langt høgare billettpris enn dei som reiser til Bergen med ekspressbåten frå Sogn. No skal det bli slutt på forskjellsbehandlinga.

DEL

Dette er klart, etter at samferdslepolitikarane i fylket i førre veke avgjorde at det innan to år skal bli likt prisnivå, og at prisen i framtida skal bereknast ut frå sigla distanse, og ikkje etter det luftlineprinsippet ein nyttar i dag.

Dagens reknemåte gjer at reisene til Sogn kjem rimelegare ut, fordi Sognefjorden ligg vinkelrett på kystlina. Utslaget merkast på lommeboka: Reiser du i dag frå Selje til Bergen med ekspressbåten, kostar turen deg 940 kroner. Reiser du frå Sogndal til Bergen, må du ut med 705 kroner, sjølv om distansen er om lag like lang, det skriv Firda

Lik pris for like tenester

– Fylkeskommunen er ein offentleg tenesteytar. Då må same tenester ha same pris. Her har det vore ein monaleg prisskilnad som folk har reagert på, og som er prinsipielt feil. Situasjonen blir ikkje betre av at denne prisskilnaden har vore praktisert i tjue år, seier Sps Sigurd Reksnes, etter avgjerda i samferdsleutvalet. Der vedtok eit fleirtal på sju representantar frå Ap, Sp, MDG pluss ein representant frå Høgre full utjamning innan to år. Mindretalet – to representantar frå Høgre – ønskte berre minimal prisutjamning. Høgre-representantane som gjekk inn for dette, var partiets gruppeleiar Noralv Distad frå Aurland og Tore Fossen frå Førde. Partifellen Bjørn Hollevik frå Flora gjekk saman med fleirtalet – der alle representantane har postadresse i Nordfjord og Sunnfjord.

– Men kan ikkje ein takstskilnad vere nødvendig for å sikre Sognebåten sin eksistens, Reksnes?

– Isolert sett, kan det kanskje seiast. Men det blir likevel feil å ikkje ta med resten av fylket. Ekspressbåten er kanskje endå viktigare for dei som bur på kysten, seier Sigurd Reksnes.

Fallande passasjertal

Skilnaden politikarane no vil ha slutt på, oppstod i 1996, då det var fallande passasjertal på sognerutene. I denne situasjonen vart det leita etter grep som kunne snu utviklinga, og argumentert med at båtane på Sognefjorden hadde større konkurranse frå andre transportmiddel enn ekspressbåtane på kysten. Så foreslo Fjord1, som dreiv rutene den gongen, å prøve ei ordning med lågare tastar. Passasjertalet auka, og sidan 1998 har prøveordninga vore permanent.

Ifølgje fylkesrådmannen vil ein truleg få fleire reisande på Nordfjordbåten om ein set takstane ned til nivået på Sogn, men ikkje så mange at det dekker heile inntektsreduksjonen på 11,2 mill kroner. Aukar ein takstane på Sognerutene til Nordfjord-nivå vil det gi ein inntektsauke på 7,4 millionar kroner, om passasjertalet held seg stabilt.

Men med ein takstauke på dei ulike stoppestadane frå 19 til 41 prosent vil mange finne seg andre reisemåtar, trur fylkesrådmannen. Han foreslo ei viss harmonisering, men likevel slik at det framleis handla om to takstar. Dette sa det politiske fleirtalet nei til.

Artikkeltags