«Fjordglytt» sat seg fast i ferjelem

"Fjordglytt" ved kai på Svanøy (Arkivfoto)

"Fjordglytt" ved kai på Svanøy (Arkivfoto) Foto:

FLORØ: Teknisk trøbbel skapar vanskar for morgontrafikken i øyane.

DEL

I morgontimane måndag sat hurtigbåten MS "Fjordglytt" bom fast i ferjelemmen på Askrova. Medan båten venta på assistanse, måtte ruter på morgonen innstillast. Ifølgje facebooksida til Svanøy gjekk MS «Seaservice» gå skuleruta i staden.

– Årsaka er ein feil med straumen til ferjelemmen, sa ein fortvilt skippar Kenneth Mjåseth på «Fjordglytt» til Firdaposten klokka 08.30. Då sat båten framleis bom fast.

– SFE fekk melding om problema med straumen klokka 2 i natt, men prioriterte ikkje å rykke ut. For når vi kom hit 06.05 så hadde dei framleis ikkje fått utbetra det, så her sit vi utan straum og ventar på at reparatørane frå SFE skal komme og fikse problemet, tordna Mjåseth.

Klokka 09.30 kunne dei fortelje at dei no var fri frå ferjelemmen, og at dei var attende i Florø og i vanleg trafikk att.

Artikkeltags