Ras sperra Storebru-Hyen i morgontimane

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Stein og jordras gjorde fylkesveg 615 uframkommeleg tysdag morgon.

DEL

I natt har det gått ras på Fylkesveg 615 mellom Storebru og Hyen, melder Statens vegvesen. Raset skal ha gått ei tid over midnatt, og ifølgje NRK Sogn og Fjordane skal det skal ha kome ned steinblokker på over ein kubikkmeter. Det skal også ha velta tre som har kome heilt ned i vegbana.

Det var naboar som høyrde raset gjekk, som først fekk varsla om hendinga. Raset skal ha gått om lag ein kilometer inn på Fv 615, frå Storebru mot Hyen. langs med Løkkebøvatnet.

Arbeidet med å rydde vegen starta i åttetida, og vegen blei opna for trafikk klokka ni.

Ifølgje Statens vegvesen var også Fv 610 i Viksdalen stengd av ras, i nærleiken av Eldalsosen. Her er vegen også opna att for trafikk.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken