Dette er Osstrupen bru - ver med inn i brua til dei som jobbar der

Midt under Osstrupen bru vart det laga ei utsparing då den vart bygd. Det har vore til stor hjelp no når ein skulle ha mangfoldige tonn med materialar og utstyr inn i brukroppen. Viss du ser etter, ser du akkurat i arbeiderane til venstre inne i brua.

Midt under Osstrupen bru vart det laga ei utsparing då den vart bygd. Det har vore til stor hjelp no når ein skulle ha mangfoldige tonn med materialar og utstyr inn i brukroppen. Viss du ser etter, ser du akkurat i arbeiderane til venstre inne i brua. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FV 542: Osstrupen bru har fått tilført 180 tonn stål. Det skal doble levetida.

DEL

I mai 2017 skreiv Firdaposten første gong at Osstrupen bru skulle strammast opp. Trass i at brua var bygd med overhøgd for å kompensere for ei berekna nedbøying, hadde den sokke så mykje ned på midten at det både var synleg for det blotte auge og merkbart når ein køyrde over brua. Difor trongst det både oppstramming og forsterking.

Ein unik jobb

Byggeleiar Sjur Lauvdal i Statens Vegvesen karakteriserte jobben som skulle gjerast som unik, fordi ein ville ta i bruk ein heilt ny metode: To røyr ville bli monterte inne i brukassa, og desse ville så bli jekka frå kvar side.

TRIOEN: F.v. Tore Årberg, prosjektleiar NCC Florø, Sjur Lauvdal, byggeleiar Statens Vegvesen, Espen Årberg, anleggsleiar NCC Florø. Desse tre er mellom dei som sørger for at arbeidet går framover og Osstrupen bru toler nye femti års bruk.

TRIOEN: F.v. Tore Årberg, prosjektleiar NCC Florø, Sjur Lauvdal, byggeleiar Statens Vegvesen, Espen Årberg, anleggsleiar NCC Florø. Desse tre er mellom dei som sørger for at arbeidet går framover og Osstrupen bru toler nye femti års bruk. Foto:

- Vi har halde auge med brua, og det må strekast under at den har behalde styrken sin - det har ikkje vore noko fare eller risiko forbunde med å bruke den, sler Lauvdal fast.

På 70-talet då brua vart bygd, hadde ein ikkje dei same prosjekteringsreiskapa ein har i dag, og brua vart dessutan "spinkelt bygd", som Lauvdal uttrykker det, for å få den så lett som mogleg. Det vil i praksis seie at ein fekk lov å droppe slitelaget og fuktisolasjonen. Denne brua var nemlig også ei nyvinning då den vart bygd; - i nokre månader i 1976 var det 198 meter lange bruspennet det lengste i sitt slag i landet.

42 ÅR: Osstrupen bru, opna i 1976. Midt under brua heng plattformen som vart brukt for å få naudsynt utstyr inn i brua.

42 ÅR: Osstrupen bru, opna i 1976. Midt under brua heng plattformen som vart brukt for å få naudsynt utstyr inn i brua. Foto:

Det er også tenkt nytt i løysinga som no blir brukt for å få brua oppgradere brua igjen. Det finst ei tilsvarande bru som hadde tilsvarande problematikk i Hvaler, men der bygde ein tårn og gjorde den om til ei hengebru. Det gjekk ikkje i Osstrupen, og ville dessutan vore ei dyrare løysing. Bogekonstruksjonen er velbrukt i brubygging, men det er adskilleg enklare å bygge ein frittståande boge enn å bygge den inne i ein eksisterande konstruksjon, påpeikar Lauvdal.

Difor har det vore mykje drodling og utprøving før ein kom fram til ei brukbar løysing.

STÅL I BEIN OG (BRU)ARMAR: Inne i brukroppen er det montert opp ei ramme som dei to parallelle røyra blir liggande i. For kvar 10. meter er røyra festa i brua, og der er desse festepunkta som vil dra den med seg opp under jekkinga. Det er Westcon som har hand om monteringa av røyra, og mannskapet jobbar to skift dagleg.

STÅL I BEIN OG (BRU)ARMAR: Inne i brukroppen er det montert opp ei ramme som dei to parallelle røyra blir liggande i. For kvar 10. meter er røyra festa i brua, og der er desse festepunkta som vil dra den med seg opp under jekkinga. Det er Westcon som har hand om monteringa av røyra, og mannskapet jobbar to skift dagleg. Foto:

- Ingeniørmessig er dette ein veldig komplisert jobb - det er svært dyktige ingeinørar som har fått til dette. Konstruksjonen har blitt analysert gjentekne gongar, så vi veit at dette fungerer. Men det er mykje å passe på, så difor er vi meir involverte enn vanleg, seier Lauvdal, som understrekar at samarbeidet med NCC går veldig fint.

Uvurderleg lokal kompetanse

Kontrakten vart tildelt i oktober i fjor. Ein stor del av jobben har vore stålproduksjon - noko Westcon har stått for. Det er også folk frå Westcon som no jobbar i to daglege skift med å føye saman røyra. Lauvdal gler seg over at det er lokale som står som leverandørar til prosjektet - det trur han gir ekstra eigarskap til prosjektet.

I februar starta NCC opp med førebuingane til jobben i Osstrupen. Det er ikkje berre stålarbeid som skal gå føre seg inne i brua. For å få på plass alt som trengdest, vart det laga til ein plattform midt under brua. Der var det nemlig laga ein utsparing i brukroppen då brua vart bygd, og det letta 2018-arbeidet betrakteleg. Røyra blei køyrde ut på brua og krana ned på plattformen. Deretter vart dei tatt vidare via eit taljesystem inne i brua. Heile konstruksjonen veg 180 tonn, og alle elementa som trengs til jobben kom på plass inne i brua før dei starta. Sjølve røyrbogen som skal spenne brua opp igjen, blir sveisa saman av ti meter lange røyrelement, kvar på 3,6 tonn. Desse blir så festa i brua kvar 10. meter, og det er desse punkta som dreg brua med oppover når røyrbogen blir jekka opp frå kvar side. Til saman åtte kraftige jekkar skal gjere jobben.

Ting har nok teke litt lenger tid enn det ein tenkte, men dei har ikkje fått andre overraskingar så langt.

- Det har vore veldig lærerikt, med mange fagfolk og mykje kompetanse involvert. Det å få ting til å fungere saman med Westcon og NCC har vore veldig kjekt. At vi har med deira kompetanse er avgjerande. Utan den ville nok ikkje Vegvesenet ha kunne gjort jobben, avsluttar Sjur Lauvdal.

Då brua opna i 1976, var tanken at den skulle ha ei levetid på femti år. Med arbeidet som no er gjort, vil den vare i minst femti år til.

MIDT PÅ: Her står prosjektleiar Sjur Lauvdal frå Statens Vegvesen akkurat under skøyten på Osstrupen bru - den vi både har kunna sjå med det blotte auget og høyre når vi har køyrt over den.

MIDT PÅ: Her står prosjektleiar Sjur Lauvdal frå Statens Vegvesen akkurat under skøyten på Osstrupen bru - den vi både har kunna sjå med det blotte auget og høyre når vi har køyrt over den. Foto:

Osstrupen bru

Opna 15. februar 1976 som ein del av fv. 542 søraust i Flora kommune.

Brua er 258 m lang, hovudspennet er på 198 m.

Det er ei "fritt frambygg-bru", dvs at den er bygd med frie utkragingar utan fast ende. Det er ikkje annan understøtting av brua under bygging og den må bære seg sjølv i uferdig stand. Det vil seie at brua må dimensjonerast for å tole den vekta som oppstår medan brua er under bygging. Som oftast bygger ein ei slik bru frå begge sider slik at utkraginga blir tynnare fram mot møtepunktet.

I dagens prosjekt er Sogn og Fjordane Fylkeskommune byggherre, prosjekteringa er gjort av Statens Vegvesen og NCC er entreprenør.

Artikkeltags