14 vegar i Flora og Bremanger får nye nummer - bur du langs ein av dei?

Fylkesveg 616.

Fylkesveg 616. Foto:

SAMFERDSLE: I løpet av sommaren og hausten får 3500 fylkes- og riksvegar rundt i landet nye nummer.

DEL

Endringa er eit resultat av regionreforma, og skal sikra at alle vegar framleis kan identifiserast når fylkesgrensene blir flytta frå nyttår, fortel Statens Vegvesen i ei pressemelding. Oppdateringa av offentlege system var i all hovudsak ferdig 1. august, og dei nye nummera vert no tekne i bruk fortløpande. I Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland får over 900 vegar nye nummer.

Alle vegpunkt skal kunne identifiserast

Alle punkt på det offentlege vegnettet i Noreg skal kunna identifiserast ved hjelp av ein vegreferanse. Systemet er basert på at vegar har ein kategori (Europaveg, fylkesveg, osb.) og eit nummer. Deretter kan dei delast opp ved hjelp av parsellar og metreringsnummer.

– Slik systemet fungerer i dag, må ein i tillegg vite kva fylke ein fylkesveg ligg i for å identifisere han - fylkesnummeret er ein del av vegreferansen. Difor kan same vegnummer finnast i fleire fylke, og vegen kan skifta nummer når han kryssar fylkesgrensa. Med dei nye fylkesgrensene kunne ein difor fått to vegar med same nummer innanfor eitt fylke, forklarar Torgeir Bøyum ved regionkontoret på Leikanger, ansvarleg for det digitale vegnettet i Nasjonal VegDataBank (NVDB) i Sogn og Fjordane.

I det nye systemet får alle Europa-, riks- og fylkesvegar unike nummer. Vegnummer 1-999 vil gjelde for riksvegar og dei viktigaste fylkesvegane. Resten av fylkesvegane får firesifra nummer. Dei fleste riksvegane får behalda nummera sine; det gjeld også for ein del av dei viktigaste fylkesvegane.

Er i gang med endring av skilt

Den naudsynte oppdateringa av offentlege kart og system har gått føre seg heile sommaren, og desse blir oppdaterte fortløpande. Naudetatane mottek oppdateringar frå Vegvesenet etter kvart, og tilpassar sine kart.

– Ikkje alle skilta langs vegane er endra enno, men arbeidet er i gang. Der det står nummerskilt langs vegen i dag, vil ikkje vegen byte nummer før dei fysiske skilta ute i terrenget er skifta, forsikrar Bøyum.

Han legg til at dei ikkje har kontroll på når ulike kommersielle kartløysingar blir oppdaterte, men Vegvesenet har laga ei kartløysing som viser både gamle og nye vegnamn, og den finn du her.

Nye vegnamn

Flora:

Fv 541 blir til fv 5696

Fv 542 blir til fv 611

Fv 543 blir til fv 5697

Fv 544 blir til fv 5698

Fv 545 blir til fv 445

Fv 547 blir til fv 5699

Fv 548 blir til fv 5704

Fv 551 blir til fv 5701

Fv 553 blir til fv 5703

Fv 552 blir til fv 5702

Bremanger:

Fv 571 blir til fv 5706

Fv 572 blir til fv 5710

Fv 575 blir til fv 5712

Fv 577 blir til fv 5711

Artikkeltags