Det vart for trongt i Trongesundet

Den utanlandske traileren fekk til slutt på kjettingar og kom seg vidare.

Den utanlandske traileren fekk til slutt på kjettingar og kom seg vidare. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Snøen måndag morgon skapa trøbbel på fylkesveg 616 i Bremanger.

DEL

Måndag føremiddag stod to trailerar fast i bakken ved Trongesundet, kring 1 kilometer aust for Smørhamn. Trongesundet er berykta, fordi det som namnet tilseier, er ganske så trongt. Måten vegen er laga på, gjer til at større bilar ikkje kan ta fart for å komme seg opp bakken, når dei kjem vestfrå. Det var også problemet her.

Det var i tillegg ganske så glatt på staden, og det snøar tett. Dei to trailerane stod fast ei god stund før den utanlandske to-aksla traileren kom seg inn på ein møteplass for å legge på kjettingar. Den andre, ein tre-aksla norsk trailer la på kjettingar før han kom til Trongesundet, og kom seg difor opp bakken. Men det var så glatt på staden at han frykta for at det ville bli problem i bakkane opp til Oldeidetunnelen. Der blir det alltid problem når det er slikt vêr som det er no.

– Det blir brøyta både i Trongesundet og bakkane på kvar side av Oldeidetunnelen. Vi kjem ikkje til å stenge denne, det blir vanleg vinterdrift der også, seier byggeleiar Even Hjelle i Statens vegvesen.

– Men strør eller saltar de i området?

– Vinterdriftsklassa definerar kva standard entreprenøren skal levere. Denne vegen har det vi kallar vinterdriftsklasse DkC. 
Vi saltar når det er tilhøve til det, men når det er snø på vegen nyttar vi sand. På desse vegane må ein pårekne vinterføre og at det kan oppstå utfordrande situasjonar under sterkt snøvêr, seier Hjelle.

– Er vegen strødd?

– Når det sluttar å snø, strør vi. Men akkurat no, når det snør så kraftig, brøytar vi berre vekk grusen om vi strør, svarar Hjelle.

– Men noko av det blir liggande. Sparar de på grusen?

– Nei. Om det er lett snøfall kan ein nytte strø, men når det snør kraftig er det liten vits i det. Og det er når det snøar tettast, at folk har problem med vegen, svarar Hjelle.

Artikkeltags