Brann på rutebåt

Fjordglytt gjer plass til Øyservice, som kjem for å hente passasjerane.

Fjordglytt gjer plass til Øyservice, som kjem for å hente passasjerane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag ettermiddag melder Fjord1 på sine nettsider at det grunna tekniske problem vil bli forseinkingar i ruta til øyane.

Erlend Toftesund, regionleiar i Fjord1 fortel at  dei fekk ei røykutvikling i maskinrommet på Fjordglytt.

- Det viste det seg at det var brann, som ein greidde å sløkke ganske raskt, fortel han.

Brannen oppstod etter avgong frå Skorpa, på veg mot Rognaldsvåg.

- Maskinisten følgde rutinene, sikra passasjerane og fekk dei ut på dekk. Båten vart lagd i Rognaldsvåg og passasjerane gjekk på land der. Brannen vart sløkt raskt, strekar han under.

Han seier det er for tidleg å gå inn på kva som var årsaka.

- Det kan vere ei lita oljelekkase, men det blir berre spekulasjonar. No er Øyservice sett inn for å fullføre ruta, avsluttar han.

Vel på land i Rognaldsvåg sende ein av passasjerane melding til kjøpmann Hans-Jacob Sunde, som opna kaffikroken i butikken, slik at passasjerane fekk vente der.

- Eg purra ut sonen min som fòr ned og opna butikken, og så trekte vi kaffi og delte ut til dei som hadde lyst på. Øyservice har vore og henta passasjerane, så dei er på veg innover no, fortel han.

Sunde trur det var snakk om rundt 20 personar med smått og stort, og seier det ikkje var nokon dramatikk over hovudet.

- Det var ingen som såg ut til å ta på veg i det heile.

Artikkeltags