Vegvesenet opphevar ferjekontrakt i Solund

VAR AKTUELL: Gamle MF Værøy går i trafikk på Lilla Ringvägen i Finland. Då finske Mats Sundqvist fekk kontrakten i Solund var det aktuelt å bygge om denne ferja.

VAR AKTUELL: Gamle MF Værøy går i trafikk på Lilla Ringvägen i Finland. Då finske Mats Sundqvist fekk kontrakten i Solund var det aktuelt å bygge om denne ferja.

Av

SOLUND: Fjord1 held fram drifta av sambandet Daløy – Haldorneset.

DEL

– Han tilbydde eit fartøy som ikkje passa til kaien.

Det seier Ander Sæternes ved ferje og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen, region vest til sysla.no.

Ifølgje Firda, som også omtalar saka, vann Finnen Mats Sundqvist 1. januar 2017 anbodet på ferjestrekka Daløy – Haldorneset i Solund. Vidar Hop Skyssbåter, Gulen Skyss og Fjord1 tapte konkurransen om den fem år lange kontrakten som eigentleg skulle ha oppstart 1. januar i år.

Fjord1, som har kontrakten i dag, vil halde fram eitt år til medan anbodet blir lyst ut på nytt. Dersom dette medfører større kostnader kan vegvesenet krevje tapet dekt.

Allereie då kontrakten var inngått var det klart at Sundqvist ville satse på å sette i stand ein eldre båt. Gamle MF Værøy går i trafikk på Lilla Ringvägen i Finland. Då finske Mats Sundqvist fekk kontrakten i Solund var det aktuelt å bygge om denne ferja og sende ho tilbake til Norge. I staden kjøpte han 35 år gamle MF Rosefjord frå Gulen Skyss og sende ho til Finland for oppgradering. Ferja vart aldri klar.

I tillegg kravde kontrakten at Sundqvist hadde tilgjengeleg ei reserveferje. Løysinga han tilbydde var ikkje god nok for vegvesenet, som valde å oppheve kontrakten.

Sjølv om ferja ikkje passa til kaien, meinte Sundqvist ifølge sysla.no at løysinga ville vere tilfredsstillande.

  No hastar det for Solund å søke om bru 

Artikkeltags