Gaular:

På E39 ved Myrmel i Gaular kommune går det mot slutten på asfaltarbeidet som starta sist veke, skriv Firda.
Men også i dag er det varsla om manuell dirigering av trafikken, med ventetid på om lag 30 minutt.
På denne staden er arbeidet venta å vere ferdig innan klokka 19:00 i kveld.

Ved Dregebø i Gaular kommune er det lysregulering i samband med vøling av den gamle steinhellebrua i enden av Dregebøvatnet.

Jølster:

I Jølster, på strekninga Bjørset–Skei, er det varsla lysregulering og at vegen kan bli stengd i periodar på inntil 15 minutt grunna sprengingsarbeid.
Her er det varsla arbeid måndag til laurdag frå klokka 07:00 til klokka 22:00 fram til 15. desember i år.

Gloppen:

Mellom Skei og Byrkjelo i Gloppen kommune kan E39 bli stengd inntil 20 minutt frå klokka 07:00 til klokka 19:00
Her gjeld varselet fram til 12. juni.

Eid:

På E39 ved Hjelle i Eid kommune, mellom Nordfjordeid og Volda, vert det lysregulering heile døgnet fram til 1. desember i år.