Ny gransking kan bety stopp for fergefri kyststamveg

MILJØVENNLEG: Fjord1 sin nye, elektriske ferje MF Gloppefjord er ein del av den elektriske revolusjonen i ferjemarknaden, som Fjord1 frontar. Og det blir fleire slike: 30 nye ferjer er under bestilling.

MILJØVENNLEG: Fjord1 sin nye, elektriske ferje MF Gloppefjord er ein del av den elektriske revolusjonen i ferjemarknaden, som Fjord1 frontar. Og det blir fleire slike: 30 nye ferjer er under bestilling. Foto:

FLORØ: Vegdirektoratet skal no undersøke om det er klokt å droppe heile planen for fergefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim.

DEL

Det vil koste 340 milliardar kroner å gjere E39 mellom Trondheim og Kristiansand fergefri. No skal Vegdirektoratet granske om det er god samfunnsøkonomi i eit slikt gigantprosjekt - eller om det er smartare å heller satse på nullutsleppsferger.

- Eit klokt val å granske dette, og ei julegåve på forskot, seier SV-politikar Arne Nevra til Nrk.

Vegdirektoratet skal no sjå nærmare på ei rekkje fergesamband, og rekne på om 15. minuttars-avgangar med nullutslepps-ferjer er eit betre alternativ enn å byggje dyre bruer. Strekningane som skal granskast er desse:

  • E39 Halhjem-Sandvikvåg, Hordaland
  • E39 Anda-Lote, Sogn og Fjordane
  • Rv. 5 Mannheller-Fodnes, Sogn og Fjordane
  • E39 Solavågen-Festøya, Møre og Romsdal
  • E39 Molde-Vestnes, Møre og Romsdal
  • Rv. 19 Horten-Moss, Vestfold/Østfold

Fire av desse sambanda inngår i dag i fergefri E39-prosjektet.

Om E39 blir fergefri, vil det korte ned køyretida mellom Trondheim og Kristiansand med sju timar, gitt at ferjefrekvensen er den same som i dag.

Artikkeltags