Hundrevis av bilar, syklande og gåande blir slusa inn i dette tronge krysset kvar morgon. Kommunen meiner det ikkje er risikabelt.

Video/redigering: Tarjei Langeland

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Krysset til Botnavegen er trongt, mørkt og sterkt trafikkert. Hadde du våga sykle langsmed denne vegen i rushtida?

DEL

Kvar morgon køyrer hundrevis av bilar av Riksveg 5, ned Botnavegen og til Fjord Base. Denne kommunalt eigde vegen er hovudfartsåra for alle dei som jobbar på det som er Flora sin største lokale arbeidsplass. Men i dette krysset er det ikkje noko tydeleg vegskilje mellom personbilar og tungtrafikk på den eine sida, og syklistar og skuleungar på den andre. No på denne tida av året er det mørkt og uoversiktleg.

– Låg risiko

Firdaposten filma krysset under morgonrushet ein tilfeldig morgon, som viser nettopp kor mørkt og uoversiktleg det kan vere. Vi viste denne videoen til fagleiar samferdsle Einar Årdalsbakke i Flora kommune.

– Det vi ser på videoen har vi ei løysing på fram i tid, seier Årdalsbakke og presiserer:

– Vi er klar over at det kan oppstå farlege situasjonar her. Vegen gjennom dette vegkrysset er veldig trong. Men på den andre sida gjer dette til at farta er ganske låg der, samt at vegkrysset er ganske oversiktleg. Trafikantane må også stoppe opp møtande trafikk, før dei køyrer ned til basen. Difor ser vi ikkje risikoen for trafikkulykker i sjølve vegkrysset som stor, seier Årdalsbakke.

Trafikantane må også stoppe opp møtande trafikk, før dei køyrer ned til basen. Difor ser vi ikkje risikoen for trafikkulykker i sjølve vegkrysset som stor.

Einar Årdalsbakke, fagleiar samferdsle.

Planar fram i tid

Han strekar under at kommunen arbeidar med planar for ny tilkomst til Fjord Base frå vest. Planen er at tungtrafikken skal komme via den relativt nye tilkomstvegen frå Riksveg 5 på austsida av basen.

– Vi ønsker på sikt å stenge av nedkøyrsla ved Botnavegen for trafikk, eventuelt å lage til ei løysing med gang og sykkelveg, for å tilrettelegge betre for mjuke trafikantar. Flora kommune, i samarbeid med basen, ser no på nye moglege vegløysingar i området. Men vi har ikkje endå teke stilling til kor denne nye tilkomstvegen skal ligge, den er under planlegging, seier Årdalsbakke.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Einar Årdalsbakke, samferdslerådgjevar i Flora kommune.

Einar Årdalsbakke, samferdslerådgjevar i Flora kommune. Foto:

Men når?

Når det blir laga noko ny tilkomstveg til basen, kan ikkje Årdalsbakke svare på.

– Det veit eg ikkje, dette ligg litt fram i tid. I mellomtida rår eg til at tungtrafikken, og flest mogleg av dei som køyrer bil til og frå jobben på basen, å bruke tilkomstvegen på austsida.

– Men slik trafikksituasjonen er i dag, vil du tilrå fleire å gå eller sykle denne vegen til og frå jobben på Fjord Base?

– I eit godt trafikkbilde må alle ferdast saman. Florø er sykkelby, så eg oppfordrar så mange som mogleg til å sykle, seier Årdalsbakke.

HMS-leiar Ingvild Hovland i Saga Fjordbase har hovudbedriftsansvaret for fellesområdet på Fjord Base.

– Det ville vere forferdeleg trasig om nokon skal bli skadd. Eg vil oppfordre flest mogleg, spesielt tungtrafikken, om å nytte avkøyrsla lenger aust på Botnastranda, seier ho.

Artikkeltags