Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen har vedteke å utsetje årets kystvegkonferanse til 2013.

Under samferdslekonferanseTreffpunkt Kviven i Loen 21.09.12 kunne dagleg leiar i Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Stein Kvalsund, fortelje at dei, saman med Maritim Forening Søre Sunnmøre (Mafoss) ønskjer å samarbeide med Kystvegen Ålesund – Bergen om å arrangere ein ny konferanse.

Dei to maritime foreiningane er medarrangør for Treffpunkt Kviven, ein konferanse som har blitt arrangert årleg sidan 2008.

- For Kystvegen vil det vere eit stort løft å få inn samarbeidspartnarar som dei maritime foreiningane. Vi vil i større grad enn tidlegare få synleggjort behovet for kommunikasjonar nord-sør langs kysten i alle dei tre vestlandsfylka som Kystvegen går gjennom, seier styreleiar i Kystvegen Ålesund – Bergen, Bengt Solheim-Olsen.

Det blir no satt ned ei gruppe som skal jobbe fram innhaldet i ein ny konferanse i 2013, og ein vil også trekkje andre aktuelle samarbeidsaktørar inn i arbeidet.