Desse får travle dagar no når Saga Fjordbase skal signere avtale med Archer

SIKRA ARBEID: Materialforvaltarane Elisabeth Rasmussen og Fritz Leon Valvik, med varehusleiar Hans Eirik Johnsen i midten.

SIKRA ARBEID: Materialforvaltarane Elisabeth Rasmussen og Fritz Leon Valvik, med varehusleiar Hans Eirik Johnsen i midten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Avtalen sikrar aktivitet i ti år framover.

DEL

3. april delte Equinor (den gong Statoil) ut borekontraktar for fleire milliardar kroner. Av desse fekk Archer borekontraktar for Snorre A, B og Visund. Og i desse dagar har Saga Fjordbase AS sluttført forhandlingane med Archer for all baseaktivitet knytt til installasjonane. Kontrakten blir signert om kort tid, skriv Saga Fjordbase i ei pressemelding.

– Dette er ei viktig kontrakt. Den sikrar aktivitet i lang tid framover og knyter oss sterkare opp mot aktiviteten som skjer på Snorre-feltet, seier administrerande direktør Geir Johannessen.

Kontrakten mellom Archer og Saga Fjordbase går over fire år med opsjoaer for å forlenge den tre gonger med to år. Dermed kan denne kontrakten sikre aktivitet ti år fram i tid. Saga Fjordbase skal drive lager, pakke, sende og ta imot alt som installasjonane treng i samband med boreaktiviteten. Dei skal også stå for retur av materiell.

Snorre A, B og Visund nyttar ikkje riggar, men har eigne boretårn på installasjonane. Det vil seie at det går føre seg boreaktivitet meir eller mindre kontinuerleg. Denne aktiviteten er viktig for forsyningsbasen Fjord Base, fordi den sikrar forsyning i lengre tid.  

Her hos oss er det materialforvaltarane Fritz Leon Valvik og nytilsette Elisabeth Rasmussen som skal utføre arbeidet. Dei ser fram til samarbeidet og har allereie fått god dialog med Hans Eirik Johnsen frå Archer.

Fram mot oktober 2018 skal Archer flytte lageret som dei har i Hamnegata til Fjord Base og bygg 63.

Artikkeltags