Gå til sidens hovedinnhold

Såg elg i Grytadalen

Artikkelen er over 18 år gammel

FLORØ: Hans Arild Berg (39) skulle på rypejakt i Grytadalen tidleg søndag morgon. Sjølv om han skaut sju ryper og hadde ein fin dag på jakt, var det noko heilt anna som gjer at han vil hugse turen lenge.

Han kom køyrande oppover. Ved krysset som går ned til Klauene såg han eit digert dyr midt i vegen. Berg er sikker på at han såg den første elgen som er observert innanfor kommunegrensene til Flora.

I Bremanger

Så usannsynleg er det slett ikkje. I fjor vart ein elg fotografert og observert i Bremanger. Ein elgokse oppheldt seg også i lengre tid i Førde-området.

– Dette kunne ikkje vere anna enn ein elg. Ein svær elgokse med gevir og det heile. Eg er heilt sikker. Hjort ser eg til dagen. Derfor er eg heilt sikker på at det ikkje var hjort. Eg køyrde heilt opp til han. Elgen småsprang 10-20 meter framfor meg og lunta seg sånn opp og ned i kroppen som ein elg plar gjere, utan å verke særleg redd. Han sprang framfor eit bra stykke og skar først ut vestover like ved ein parkeringsplass som ligg 300-400 meter frå Magnhildskar-tunnelen.

Godt med lys

Berg parkerte bilen. Det var heilt tydeleg at dachshunden hans vera dyr. Berg følgde etter, men tok ikkje sjansen på å sleppe hunden laus. Eit stykke etter såg dei i den svære ryggen på elgen, før han forsvann heilt i terrenget.

Klokka var kring 7.40 med litt skumring då Berg oppdaga det svære dyret. Men det var likevel godt nok med lys.

Berg er så sikker som det går an å vere på at det var ein elg han såg. Han meiner dei som var i ein bil som kom køyrande i motsett retning i det elgen skar ut, også må ha sett dyret.

Fin tur

Ei sak angrar Berg mykje på. Det er at han ikkje hadde med seg fotografiapparat og fekk tatt eit bilde av elgen. Heretter veit han at kamera alltid skal ligge klar i bilen.

Berg og hunden hans Dino hadde forresten ein fin, lang tur i Sagafjella i det skarpe og fine haustveret søndag. – Eg såg ein del fugl og skaut sju ryper på turen, fortel han.

Lektor Bjørn Angell-Jacobsen ved Flora vidaregåande skule, som kjenner den lokale faunaen betre enn dei fleste, kan ikkje hugse at det før dette er gjort sikre observasjonar på elg innanfor grensene til Flora kommune.

Overraskande

Angell-Jacobsen meiner det er overraskande at dyret dukkar opp også her, men seier at dette slett ikkje er usannsynleg.

– På stadig fleire plassar på Vestlandet blir det observert elg. Så mykje tyder på at den er i ferd med å spreie seg til nye område av landet. Angell-Jacobsen trur det må vere ein yngre elgokse på søk etter eige revir og paringspartnar som har forvilla seg til kommunen. Slike dyr streifar mykje om på denne tida av året. Angell-Jacobsen trur ikkje elgen vil ha særlege problem med å finne seg mat.