11. april i år la Lars Verket ut frå Tønsberg. To og ein halv månad seinare vassar han i land i Florø. Han har padla seg gjennom lune sørlandsparadis og over røffe havsletter, men han har langt igjen til Nidaros, eller Trondheim som det vel strengt teke heiter no i moderne tid.
Det er den ryggen. Den har slått seg vrang.
- Så no tek eg føtene fatt, seier han.
- Eg legg kajakken i opplag her i Florø og går Sunnivaleia vidare til Selje over Bremangerlandet. Det er ikkje noko dårleg alternativ, eg gler meg til Grotlesanden og Hornelen.
Fem kilometer i timen
Det er ikkje første gongen ryggen til Lars Verket har lagt seg opp i prioriteringane hans. På byrjinga av 2000-talet jobba han som journalist i Fedrelandsvennen med spesielt ansvar for nettavisa, men ryggen sa stopp. Han var sjukemeldt i lang tid. Så fann han padlinga.
- Eg padla meg tilbake til livet. No er problemet derimot at eg har padla for mykje, seier han med ein liten latter.
- På Sørlandet er eg godt kjent og veit kor det er enkelt å kome i land. Her er alt nytt for meg, og det har blitt mange, lange strekk, gjerne 12-14 timar i kajakken.
Frå 2006 har padlinga vore jobben hans. Han har skrive fleire padleguidar for Sørlandet og lurer på å skrive ein for området vårt også. Slik sett kan turen seiast å vere research, men drivkrafta går mykje djupare.
- Eg vil padle pilegrimsleia for å sjå ting klarare, både i mitt eige liv og åndeleg. I tillegg er det ei fysisk utfordring. Det er undereleg å vere så lenge undervegs. Det er som om tid og fart går saktare. Det gjer ikkje den store forskjellen å parkere kajakken, farten vil framleis vere omkring fem kilometer i timen.
Rett nok må han pakke lettare. Enkelte ting blir definitivt med vidare: einmannsteltet, soveposen og liggeunderlaget som kan gjerast om til lenestol.
Tynn linje mellom himmel og jord
Tida i Florø har han brukt effektivt. Han har fått med seg Kinn og Kinnaspelet, og i tillegg har han vandra Reksta på kryss og tvers.
- Både Kinn og Reksta er fantastiske stader å campe.
Han er oppteken av friluftsliv i nærmiljøet og lokale pilegrimsmål.
- Kinn og fyra langs kysten er gode eksempel på "thin places", utsette stader med ei tynn linje mellom himmel og jord. Ein kjem tett på naturen og får fantastiske opplevingar. Eg vil nesten seie at naturen er eit pilegrimsmål i seg sjølv. Å padle pilegrimsleia er som ei maratongudsteneste, seier han og fortel om fullmånenetter og rådyr som spring forbi teltopningen.
Fleire historikarar og forfattarar, mellom anna Harald Osen i boka "Havets pilegrimer", slår fast at fleirtalet av pilegrimane reiste kystleia. På land var det rovdyr og røvarar.
- Det er ikkje så mange år sidan havet var viktigaste ferdselsåre. Då den første bilen kom til Florø i 1922, hadde han femti meter å køyre på. Det lærde eg på Kystmuseet, seier han fornøgd.
Er ikkje fanatisk
Målet er å vere framme på Selje til Seljumannamesse 8. juli, og i Trondheim innan olsok 29. juni.
- Eg er booka til å halde føredrag i Trondheim 30. juli, så då må eg nesten vere framkomen. Men eg er ikkje fanatisk, det kan godt hende eg tek båt eller buss siste strekningen. Helsa kjem først, seier Lars Verket, klok av skade.
Han har mykje å takke ryggen for.