"Rygertroll" er lydlaus

Rolf Kristiansen framfor "Rygertroll". Verdas første båt av denne typen med karbonpropell.

Rolf Kristiansen framfor "Rygertroll". Verdas første båt av denne typen med karbonpropell. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Brødrene Aa har levert støyfri båt med ein ny type propellanlegg.

DEL

Båten er levert av Brødrene Aa i Hyen til Stavanger selskapet Rødne Fjord Cruise. På veg til Stavanger tok eigar Anders Rødne og kaptein Rolf Kristiansen turen innom Florø. Lokale selskap frå Florø og Eikefjord har mellom anna stått for dekorering av båtsidene og maritim elektronikk om bord.

Innovasjon

«Rygertroll» er verdas første båt med propellanlegg i karbonkompositt, stadfester Kristiansen.

Han kjem sjølv frå Florø, men har jobba hos Rødne sidan 1988. No er han kaptein og teknisk inspektør hos Stavanger-selskapet og har fulgt båten gjennom produksjonen.

– "Rygertroll" er eit resultat av eit innovasjonsprosjekt utvikla saman med Rolls-Royce, fortel Kristiansen. Det som gjer båten så spesiell er propellanlegget. Det er også laga av karbonmaterial og i motsetning til andre propellar er dei plassert framfor driv. Ved å gjere det slepp dei bråk når luftbobler i vatnet som vert ført gjennom propellen slår opp i dekket.

– Plasseringa gjer at propellen får heilt reint vatn og dermed lagar mykje mindre lyd, slår Kristiansen fast og kan stadfeste at dei er første i verda med denne typen propell, men det har vore ein trong fødsel.– Båten skulle ha vore levert for eit år sidan, men propell utviklinga tok lenger tid enn venta, fortel Kristiansen.Han er likevel ikkje i tvil om at det har lønt seg.
– Det er heilt stille om bord. Det einaste bråket vi høyrer i styrehuset er PC-viftene, seier han med eit smil.

I tillegg til lydlaus propell er maskinane plassert langt bak i båten vekk frå passasjerane. Dette er og med på å redusere støy for dei reisande.

Trufaste

Den nye båten er den 16 det privateigde reiarlaget har kjøpt frå Brødrene Aa i Hyen sida 1970. Totalt eig dei 17 båtar.

- Vi har lange og gode relasjonar med Brødrene Aa. God tru og gode erfaringar med båtane gjer at vi vel dei gong på gong, seier Kristiansen og eigar Anders Rødne legg til:

- Ingen skuffelsar for vår del når det gjeld karbonbåt. Det har gått heilt problemfritt.

Begge trur at karbon og komposittbåtar er framtida i bransjen dei driv i.

50 000 passasjerar

Rødne Fjord Cruise har over 100 tilsette.

- For å vere eit privateigd reiarlag er vi nok av dei største, slår Kristiansen fast og opplyser at inkludert hurtigåande katamaranar eig selskapet ambulansebåtar, to ferjer, cruise og charterbåtar.

- Vi har daglege avganger frå Stavanger og innover Lysefjorden, der mellom anna Preikestolen ligg, forklarer Kristiansen. Selskapet fraktar kring 50 000 passasjerar i året, og i høgsesongen er det ofte opp i 1000 passasjerar om dagen.

"Rygertroll" tek 148 passasjerar og vil ha eit mannskap på tre.

Kristiansen og Rødne ser føre seg at båten er i drift om ei vekes tid-fjorten dagar. Framover vert det difor innføring og opplæring for mannskapet.

Artikkeltags