Stenger riksveg 5 for å rekonstruere ulykka

Artikkelen er over 2 år gammel

I morgon vert riksveg 5 mellom Naustdal og Førde periodevis stengd mellom klokka 09:30 og 11:30

DEL

I samband med at politiet skal rekonstruere ulykka 30. mai der to bilar kolliderte på riksveg 5 ved Erdalen, vil vegen bli stengd i periodar onsdag 21. juni mellom klokka 09:30 og 11:30, det skriv Firda.

– For å unngå lange køar vil vi oppmode dei vegfarande om å passere staden før rekonstruksjonen startar, eller vente til etter at den er ferdig, seier politioverbetjent Stine Marie Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Ifølge Vårdal vil det bli styrt trafikkavvikling medan rekonstruksjonen går føre seg, men dei vegfarande må bu seg på at vegen er stengd.

Etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Naustdal og Førde lensmannskontor.

Etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Naustdal og Førde lensmannskontor. Foto:

Artikkeltags