Motorsykkel mot bil på riksveg 5

BIL MOT MC: Føraren av ein MC er sendt til sjukehus i Førde etter kollisjonen på Rv 5 i Naustdal.

BIL MOT MC: Føraren av ein MC er sendt til sjukehus i Førde etter kollisjonen på Rv 5 i Naustdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein bil og ein MC krasja. Mann i 40-åra sendt ti legevakt. Kvinne i 60-åra fekk førarkortet kverrsett.

DEL

Ein bil og ein MC er involvert i ei trafikkulykke på rv. 5 i Naustdal. Ulykka skjedde i åttetida i går kveld, og naudetatane rykte ut til staden, det skriv Firda.

MC-føraren er sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus, og Helse Førde melde at personen vart teken til legevakta for undersøkingar der.

Han viste seg å ha komme frå ulykka med lettare skader.

Føraren av bilen, ei kvinne i 60-åra, har fått førarkortet midlertidig kverrsett for brot å vikeplikta.

Artikkeltags