Slik kom han køyrande på riksveg 5

Slik kom traktoren med bil på tilhengaren køyrande på riksveg 5.

Slik kom traktoren med bil på tilhengaren køyrande på riksveg 5. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Bilførar reagerte då denne kom køyrande på riksveg 5.

DEL

Søndag kveld fekk Firda eit tips frå ein trafikant som kom køyrande på riksveg 5 mellom Florø og Førde.

– Eg såg med ein gong at denne doningen var litt spesiell. Han vingla fram og tilbake då eg nådde han igjen på hovudvegen, og det var tydeleg at lasta på tilhengaren var ganske tung. Så langt eg kunne sjå, så kunne det tyde på at den store bilen på tilhengaren ikkje var sikra. Og eg fryktar det berre var handbrekket på bilen som heldt han på plass på hengaren, seier tipsaren som helst vil vere anonym.

Til politiet

Han sende også bilde-dokumentasjon på doningen til politiet då han var redd for at bilen som stod på tilhengaren kunne skli av. På operasjonssentralen hos politiet er vurderinga klar:

– Vi reagerte sjølvsagt også umiddelbart på dette, og vi har prøvd å få kontakt med føraren utan at det lukkast. Og vi veit kor han held til, seier Rune Jansen hos operasjonssentralen og viser til at dei også har sikra seg registreringsnummer på køyretøyet.

Fakta fram

Jansen viser til at dei ut frå bildet reagerer på at dette i utgangspunktet kan sjå ut til å vere ein ulovleg transport, og at det i tilfelle er opp til juristane i politiet å avgjere kva reaksjonsform som kan vere aktuell.

– Vi har bildebevis frå køyringa, men treng sjølvsagt noko meir opplysningar om kva som faktisk har skjedd. Vi treng kort og godt fakta på bordet. Men eg har ingen vanskar med å sjå at folk kan ha reagert på dette. For det ser unekteleg noko tvilsamt ut, seier Jansen.

Artikkeltags