I kveld er det duka for russerevy

RUSSEREVY: Frå øvingane til årets russerevy. Gutane er klare!

RUSSEREVY: Frå øvingane til årets russerevy. Gutane er klare! Foto:

DEL

Om du har lyst til å sjå russerevyen i kveld må du sannsynlegvis sikte deg inn på den første førestillinga. I skrivande stund er det berre eitt sete igjen i kinosalen på førestillinga som startar klokka 20.30. Men kan du kome klokka 18 skal det vere plass nok.

I år er det 2000-kullet som skal få publikum i salen til å velte seg i stolane av latter. Millenium of Great Disasters er namnet på årets revy, og den skal handle om livet i Florø og andre spennande saker rundt om.

Vi har tidlegare hatt besøk av russerevygeneralane Hanne Brendehaug og Julie Sørland i vårt podkast-studio. Dei lova ein god blanding med gøy og drøy humor, og podcasten kan du høyre her:

Artikkeltags