Gå til sidens hovedinnhold

Han held fem gudstenester på søndag

Artikkelen er over 3 år gammel

Med fem gudstenester på ein dag ønsker sogneprest Tor Grindland i Bremanger å markere 500-årsjubileet for reformasjonen.

Dette skjer på allehelgenssøndag, eller helgemessesøndag, 5. november, med den første gudstenesta i Davik kyrkje på føremiddagen. Sidan går det slag i slag utover dagen, med gudstenester i alle kyrkjene i indre Bremanger; Rugsund, Midtgulen, Svelgen og til slutt i Ålfoten i kveldinga.

- Mest sannsynleg var det allehelgenssøndag i 1517 at Martin Luther slo opp sine 95 berømte teser i Wittenberg i Tyskland. I 1517 fall allehenlgenssøndag på den 31. oktober, og difor var det naturleg å legge vår markering av 500-års jubileet til nettopp denne søndagen. Vi  ynskjer å knyte Luther sine refleksjonar som går på trøyst og glede opp mot dei som gjennom året har mista sine kjære, for på den måten å formidle at midt i sorga finst det håp, fortel sokneprest Tor Grindland.

Med seg på den lange gudstenestesøndagen har han organist Norvall Klungresæter, som også skal glede kyrkjelydane med song.

- Ved å halde gudstenester i fem kyrkjer på ein dag, håpar vi at vi kan dra alle med, seier Grindland, som gler seg til denne spesielle søndagen.

Kommentarer til denne saken