Gå til sidens hovedinnhold

Røykfri ungdom i Svelgen

Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Der er ikkje mange stadar i landet som kan vise til eit røykfritt ungdomsmiljø. Men Svelgen kan. Det var noko som kom fram då ungdomsleiaren i Svelgen sjekka saka.

At det er ingen i Svelgen som røyker skal vi ikkje seie, men det bygda kan vere stolte av er at ungdomen går føre med eit godt eksempel. Det var noko leiar på ungdomsklubben Realen opplevde tidlegare i år.

Realen er staden der ungdom i Svelgen møtast kvar fredag kveld. Det er ein røykfri fredagskveld, for heilt siden januar har det ikkje vert nokon som har røykt på Realen. Dette er noko ungdomsleiar Anita Løver stolt kan fortelje oss.

– Vi kjenner til at ein god del av undomane røyka på Realen tidligare. Kva er det som har endra seg?

– Nei det er eg ikkje sikker på men eg trur at skulen og foreldre har vore flinke med og informere ungdomen om faren ved og røyke, seier Løver og synset det er triveleg å ha ansvaret for ei røykfri ungdomsgruppe.

Svelgen skule har i lengre tid, hatt eit prosjekt gåande for å redusere røyk blant ungdom. Mellom anna kan elevane ved skulen inngå ei kontrakt om å vere røykfri. Dei som skriv under denne kontrakta er med i trekninga av eit digitalkamera eller Ipod.

– Har skulen fronta eller vore til hjelp med denne Ver-røykfri-kontrakta?

– Det reknar eg med at dei har. Dette er uansett noko vi på Realen set stor pris på då det er eit tiltak mot røyking balnt ungdom.

– Når merka du at ingen røyka lengre på Realen?

– Eg oppdaga det i januar, så det må ha skjedd før den tid. Eg var også i kontakt med Svelgen skule for å finne ut om det var nokon som røykte der, og det var det heller ikkje. Dette er noko du kan kalle ei veldig positiv overrasking.

– Kva trur du er grunnen til at ingen røykar i ungdomsmiljøet i Svelgen lengre?

– Eg trur ungdomen i dag er godt opplyste om farane med å røyke og dette er noko dei eg trur dei får både i frå vener, skulen og i heimen, avsluttar Løver.

Dermed skulle dei yngre i Svelgen ha litt å lære dei eldre dampande vaksene. For vi kan streke under på at det ikkje er kult å røyke lenger&

«Eg trur ungdomen i Svelgen er godt opplyste om farane ved å røyke»

Ungdomsleiar ved Realen, Anita Løver