– Hans-Jacob har skapt ei livsnerve i bygda

PRISVINNAR: Hans-Jacob Sunde (t.h.) har beste nærbutikk på Nordvestlandet. T.v. dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet som stod for prisutdelinga.

PRISVINNAR: Hans-Jacob Sunde (t.h.) har beste nærbutikk på Nordvestlandet. T.v. dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet som stod for prisutdelinga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kjøpmannen i Rognaldsvågen har fått pris og godord.

DEL

Hans-Jacob Sunde og Nærbutikken Rognaldsvåg er kåra til «Årets butikk» på Nordvestlandet. Prisen vart overrekt under eit Merkur-arrangement tysdag kveld.

Sunde har rusta opp butikken, gitt øya ein møteplass og blitt ein talsmann for nærbutikkane i distrikta. No har Hans-Jacob Sunde og Nærbutikken Rognaldsvåg fått pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet, opplyser Merkur-programmet i ei pressemelding.

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i Distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet. Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Skapt ein livsnerve

– Kjøpmannen har skapt ein livsnerve i bygda med butikken og kaffikroken som sentrum. Butikken står fram i dag med ein butikk-kvalitet som overgår det ein kan forvente i eit lite lokalsamfunn, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Prisen vart utdelt av dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet på ei konferanse for nærbutikk-kjøpmenn i Førde tysdag kveld.

Prisvinnaren sjølv er veldig stolt.

– Det er rørande å få ein slik pris. Eg blei heilt sett ut, det kom veldig uventa, fortel Sunde til Firdaposten.

Då prisen skulle delast ut, rigga Rognaldsvåg-kjøpmannen seg klar med kamera. Han ville ta bilde av årets vinnar.

– Det er noko eg pleier å gjere på desse Merkur-samlingane. Eg synst det er kjekt å ta bilde av dei som vinn tittelen, seier Sunde.

– Eg blei rørt

Han var klar til bildetaking. Men jo meir han høyrde vart sagt om vinnaren, jo meir kjende han att.

– Jo lengre det kom ut i talen, jo meir kjende eg att. Det er jo mykje som stemmer her?, tenkte eg. Men det kan jo ikkje vere meg ...

Men det var det.

– Eg blei rørt. Det er stas å få fagleg anerkjenning, og koseleg å bli sett pris på. Det var ei grei stund!, seier han.

Sunde vil trekke fram assistenten sin Ingrid.

– Ho er ein veldig, veldig viktig assistent, som absolutt har sin del i denne prisen. «Ingrids hjørne» er ein institusjon i butikken, seier Sunde.

Utvikla tilbodet

Nærbutikken Rognaldsvåg har dei siste åra gjennomgått ei utvikling i butikktilbodet. Kjøl og frys er oppgradert, og butikken har fått ny innreiing, med god støtte frå Merkur-programmet.

Butikken er av dei mest aktive i bruk av butikken som sosial arena, og det blir jobba godt med å skape ei aktiv bygd. Butikken samarbeider godt med grendelaget og det blir skapt ein variasjon i tilbod i bygda som skaper bulyst og trivsel både for hyttefolk, besøkande og fastbuande. Hans-Jacob Sunde er ei viktig drivkraft i dette arbeidet, seier Merkur i grunngjevinga.

Talsmann for dei små

Gjennom samarbeid med ei anna eldsjel i lokalsamfunnet, Ingrid Reksten, har kaffikroken blitt ein viktig møteplass for øya. Her er det aktivitetar nærast kvar helg året rundt. Her vert det servert alt frå middagar til enkle måltid tilpassa det kunden spør etter. Og kaffikoppen står alltid klar for dei som ønsker å sette seg ned og ta ein prat med sambygdingar eller besøkande.

Hans-Jacob Sunde er opptatt av at distriktsbutikkane skal ha best mogleg vilkår i eit samfunn som stadig blir meir sentralisert, og der det blir lagt opp til større einingar i alle ledd. Sunde er ikkje redd for å stå fram som talsmann for distriktsbutikkane. Han er heller ikkje vanskeleg å spørje til råds når andre kjøpmenn står fast i eit faglege spørsmål.

Under prisutdelinga vart det lest opp ei helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner som gir uttrykk for at nasjonale styresmakter er heilt avhengige av lokale eldsjeler i sitt arbeid med å styrke tilgangen på daglegvarer og andre grunnleggande tenester for folk.

Helsing frå ministeren

På diplomet som beviser at Nærbutikken Rognaldsvåg er årets butikk på Nordvestlandet, står det ei helsing frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner:

«Det er viktig at folk har god tilgang på grunnleggande tenester der de bor. Det er et viktig mål i distriktspolitikken at det skal gjelde alle deler av landet. For å få det til er Merkur-programmet viktig. Vi vil bygge opp om det sterke lokale engasjementet flinke butikkdrivere viser, i ulike deler av Norge. Nasjonale styresmakter støtter engasjerte butikkdrivere og lokale ildsjeler, som Merkur-kjøpmenn er. Jeg takker for innsatsen og gratulerer med utmerkelsen som Årets butikk i din region, og ønsker deg lykke til videre.»

Artikkeltags