Nærare 200 bøssebærarar gjekk dør til dør i Flora kommune og dei samla inn 281.807 kroner på bøssene åleine. Tek ein med betaling i andre kanalar, som til dømes mobilbank, vart totalt innsamla sum for Flora 475.653 kroner. Med det ligg kommunen på ein 334. plass nasjonalt.

Aksjonsleiar Arlene Vågene er nøgd med resultatet.

– I fjor fekk vi inn ca. 219.000 på bøssene, så i år har gjevargleda vore stor. Det kjekkaste er at alle bøssebærarane seier at dei har blitt godt mottekne, fortel ho.

I 4. etasje i Sparebanken Sogn og Fjordane finn vi ho og Arnt Hellevang, leiar i Flora Røde Kors, som teljer pengar for harde livet. Dei fortel at det har vore stort engasjement rundt årets TV-aksjon.

– Eg trur det har litt å gjere med at vi har eige lokallag for Røde Kors. Då vert det lettare å skape engasjement og å dra med folk, seier Hellevang.

Sogn og Fjordane samla inn 5.710.416 kroner, noko som betyr at fylket ligg på 2. plass nasjonalt.

For meir gjevarstatistikk kan du klikke deg inn her.