Gå til sidens hovedinnhold

Rock i minus for Hellesen

Artikkelen er over 13 år gammel

For kort tid til marknadsføring, og mangelen på eit stort publikumsband. Det meiner arrangør Hugo Hellesen er årsaka til at publikum svikta miniturneen han arrangerte i helga.

Med knappe 300 betalande på konsertane i Svelgen, Førde og Florø sist veke, er konsertarrangør og musikkentusiast Hugo Hellesen innforstått med at det blir raude tal i rockerekneskapen.

– Vi har ikkje heilt oversikta enno. Men vi taper nok pengar, ja, seier Hellesen, som drog i gang tungrock-turneen der både lokale, nasjonale og internasjonale namn stod på plakaten.

Førde svikta heilt

Det heile starta brukbart med midtvekekonsert i Svelgen som trekte rundt 90 besøkande over to konsertar. Men då turneen kom til Førde, svikta publikum totalt, og berre 60 personar løyste billett fredag kveld.

– Det betra seg heldigvis litt laurdag i Flora samfunnshus, med rundt 150 i salen, seier Hellesen, som trur han har forklaringa på publikumssvikten.

– Vi hadde berre ein månad å marknadsføre opplegget på. Ideelt sett burde vi vore ute tre månader før. Eg burde også brukt internett meir i marknadsføringa for å nå eit yngre publikum, seier han.

– Har du vurdert om namn som Jorn og Crimes of Passion er godt nok kjende blant rockpublikummet til å fylle ein konsertsal?

– Eg ser no at vi mangla ein «headliner» som når eit breiare publikum. Samtidig har mange av musikarane i desse banda samla sett selt svært mykje plater, så potensialet burde vere der, meiner Hellesen.

Tek ein pause

– Vil rekneskapen for turneen avgjere om du har økonomisk rygg til å satse vidare?

– Det gjer det. Eg vil ta ein pause no, for å få total oversikt over det økonomiske og tenkje gjennom korleis framtidige konsertar kan marknadsførast betre, seier Hellesen til Firdaposten.

Han er uansett sikker på at dei som møtte fram, fekk gode musikalske opplevingar.

– Det mest gledelege var i Svelgen, der Crimes of Passion inviterte ungdommar i 12-årsalderen opp på scena for å spele saman med dei. Det var ei stor oppleving både for ungdommane og for oss i salen, seier konsertarrangøren, som legg til at han berre har fått gode tilbakemeldingar frå banda på opplegget, trass i at publikum svikta konsertane.