Her blir det berre eitt køyrefelt og redusert fartsgrense i fleire dagar

I GANG: Det eine køyrefeltet langs riksveg 5 på Ragnarrud blir stengt fram til helga, med lysregulering og redusert fartsgrense.

I GANG: Det eine køyrefeltet langs riksveg 5 på Ragnarrud blir stengt fram til helga, med lysregulering og redusert fartsgrense. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Viss du skal inn eller ut av Florø sentrum, må du førebu deg på venting på riksveg 5.

DEL

Sogn og Fjordane Energi går no i gang med å reparere ein feil på ein kabel langs riksveg 5/«nordsidevegen», på Ragnarrud i Florø.

For å kunne grave grøft og arbeide langs vegen, blir det eine køyrefeltet stengt og fartsgrensa redusert frå 70 til 50 km/t i arbeidsområdet. Vegen blir lysregulert.

Målet er å bli ferdig fredag

– Vi er i gang med å sperre vegen. Gravinga startar rundt lunsj, seier prosjektingeniør Arild Steindal til Firda tysdag føremiddag.

Han fortel at køyrefeltet blir kontinuerleg stengt fram til dei er ferdige, som etter planen blir på fredag.

Syndaren er ein kabel som fekk ein feil for nokre veke sidan, som førte til at det blei mørkt i Florø i ein augeblink. Kabelen er ein av hovudforsyningane for straum inn til sentrum.

– Vi skal grave opp ei hole i grøfta ved sida av vegen, og deretter skøyte kabelen med feil på, seier Steindal.

Anbefalar å køyre gamlevegen

Det går også føre seg graving i kommunal regi langs Jacob Sandeveg, så dette er ikkje eit bra omkøyringsalternativ.

Sogn og Fjordane Energi rådar difor bilistar som skal inn eller ut av sentrum, om å køyre om Brandsøyvegen.

– Gravinga skal skje nært ei rundkøyring, og rundkøyringar har ein tendens til å stappe seg når når det blir kø. Så viss du skal ut av Florø og vidare mot Førde, er det like greitt å køyre den gamle hovudvegen, altså Brandsøyvegen, seier Steindal

Han presiserer at det ikkje er skilta omkøyring, men ei anbefaling frå Sogn og Fjordane Energi om å køyre om for å lette på trykket.

Artikkeltags