Køyrde forbi i 132 km/t i 80-sone - no må han ta førarprøva på nytt

Artikkelen er over 2 år gammel

No er den 26 år gamle mannen dømd til 36 timar samfunnsstraff og tap av førarrett i åtte månadar.

DEL

Hendinga skjedde i juli 2016 på rv. 5 i retning Florø, skriv Firda.

Lastebilen låg som nummer to i ei rekke på tre bilar, då han føretok forbikøyringa. Til retten forklarte den tiltalte sjåføren at bil nummer 1 låg i 60–70 km/t, men at han ikkje såg på sitt eige speedometer då han køyrde forbi.

Han har forklart han følte at han måtte trakke litt ekstra på gasspedalen, for å gje rom for bil nummer tre i rekka, som også føretok forbikøyring samstundes.

UP hadde kontroll

På same tid og same stad gjennomførte også UP ein laserkontroll. Laseren målte lastebilen si forbikøyring til 132 km/t.

Sjåføren er ikkje samd i at han har køyrt så fort. Han viser mellom anna til at bilen var for tung til å kome opp i så stor fart på så kort tid. Han meiner at han ikkje har køyrt fortare enn 100 – 120 km/t.

Dette fekk han ikkje medhald i.

Må ta førarprøva på nytt

Retten har dømd mannen til 36 timar samfunnsstraff og tap av førarretten i åtte månadar. Tida han har hatt førarkortet beslaglagt blir trekt frå denne tida. Han er også dømd til å ta den praktiske førarprøva på nytt før han får tilbake førarkortet.

Artikkeltags