Lastebil i fjellveggen på Riksveg 5

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Like over midnatt køyrde ein lastebil i fjellveggen ved Erdal på Riksveg 5 mellom Florø og Førde. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Dei første meldingane gjekk ut på at føraren vart fastklemd, men det viste seg ikkje å stemme. Lastebilen hadde kvelva, og redningsmannskap som kom til måtte bruke stige for å komme til sjåføren.

Føraren er lettare skadd og blei send til Førde sentralsjukehus for kontroll. Det skal ha vore glatt på staden.

Artikkeltags