Gå til sidens hovedinnhold

Rikke tok sølv

Artikkelen er over 12 år gammel

Rikke Rise Halset (15) frå Svelgen overraska seg sjølv då ho tok andreplass under dagens feltskyting for eldre rekrutt.

For 15-åringen som skyt for Ålfoten Skyttarlag hadde ikkje rekna med å ende som nummer to blant dei beste skyttarane i landet.

Tre omskytingar

– Eg var nesten sist før finalen og skaut meg opp til andre. Det var heilt fantastisk og utruleg overraskande, seier Rikke Rise Halset.

Etter finaleskytinga var svelgenjenta på delt førsteplass, og måtte gjennom heile tre omskytingar før ho kunne sikre andreplassen. Nervøs var ho ikkje.

– Det var nervepirrande. Men eg var ikkje nervøs. Eg er glad eg ikkje fekk skjelven, seier skyttartalentet som er med på sitt andre landsskyttarstemne.

Haugnes senior i finalen

Sverre Nilsen frå Florø skaut på skive to i finalen i feltskytinga i klassa eldre rekrutt etter å ha skote 30/28 i kvalifiseringa. Han trefte ikkje heilt i finalen og enda med sifra 42/6. Det haldt til ein 50. plass. Lars Haugnes enda på 47. plass med 42/7.

Den gamle skyttarkongen frå 1974, Egil Melvær, gjorde det godt under feltfinalen i klassa V65. Han skaut 12/9 etter å skote 29 treff i kvalifiseringa.

Bjarte Haugnes var den frå Florø som var nærmast kongelaget. Han kom til finalen i baneskytinga med 241 poeng.

Les meir om Rikke og dei andre lokale skyttarane i laurdagens Firdaposten.