Han var litt stressa, men glad og godt fatta etter all viraken. Joleik hadde fire fjeredplassar, ein sjuande plass og ein 11. Plass før NM-gullet søndag. Så heilt uventa kom ikkje resultatet.
Som einaste deltakar frå Flora var han med i alle tre øvingane: finpistol, grovpistol og revolvar.
– På finpistol skaut eg meg litt vekk og fekk ein 19 plass. Då eg skulle skyte grovpistol tok eg meg saman. Eg låg lenge på 2. plass, men hamna til slutt på fjerde. Eg skaut tidleg revolver og fekk inn 99 poeng. Her stod eg på topp heile dagen. Dei to neste på lista enda på 96 poeng, fortel Joleik.