Kinn kan få Nordfjord-renovasjon

NORDFJORDBOSS: Det kan gå mot at Kinn kommune vel Nordfjord Miljøverk (NOMIL) som framtidig samarbeidspartnar på renovasjon.

NORDFJORDBOSS: Det kan gå mot at Kinn kommune vel Nordfjord Miljøverk (NOMIL) som framtidig samarbeidspartnar på renovasjon. Foto:

Planleggjarane av Kinn kommune vurderer renovasjonsselskapet NOMIL som framtidig tenesteleverandør.

DEL

Arbeidsgruppa som ser på framtidig interkommunalt samarbeid for nye Kinn kommune, har jobba med å velje renovasjonsløysing for den nye storkommunen. Onsdag møttest arbeidsgruppa over temaet, og ifølgje prosjektrådmann Terje Heggheim sitt fredagsbrev, vil gruppa no tilrå at fellesnemnda for Kinn går i tingingar med NOMIL (Nordfjord Miljøverk), med mål om ein avtale som skal omfatte heile Kinn kommune.

– Det er for tidleg å seie kva det endelege resultatet blir, mein utgreiinga så langt viser at ei slik ordning vil vere eit godt alternativ for Kinn, skriv rådmannen i si utgreiing.

NOMIL er ei interkommunal renovasjonsordning for dagens kommunar i Nordfjord; Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn.

Artikkeltags