Etter 400 søknadar fekk han endeleg jobb. No er Khavazhi butikksjef i Rema 1000, og eit forbilde for andre innvandrarar

FLORØ: Han kom til Florø som overføringsflyktning, 17 år gamal i 2003. No er han butikksjef for Rema 1000-butikken på Amfi.

DEL

Han er på mange måtar draumeinnvandraren, Khavazhi Kungaev. Han kom til Norge i 2003 som overføringsflyktning. Han begynte på Norsksenteret allereie dagen etterpå, og gjennom hardt arbeid og pågangsmot har han jobba seg opp og fram i verda. No kallar han seg norsk, heiar på fotballaget til Florø, har to barn, og første januar i år tok han over som butikksjef på Rema 1000 på Amfi. Ikkje rart at han var ein av dei stortingsrepresentant Olemic Thommessen frå Høgre besøkte når han fredag var på besøk i Florø for å snakke om flyktningar, innvandrar og praksisretta norskopplæring. Thommesen har etter at han gjekk av som Stortingspresident gått inn i kommunalkomiteen og jobbar no med å reformere Høgres integreringspolitikk.

Må fortelje dei gode historiene

– Du er eit forbilde for mange, og det er viktig at media fortel desse historiene også, for det er ikkje tvil om at dei ofte er meir opptatt av problema rundt innvandring, enn alle dei gode historiene som også er der, sa Thommesen til Kungaev etter å ha høyrd han fortelje si historie.

BUTIKKSJEF: Khavazhi Kuangev fortalde om utfordringane med å kome til Norge som flyktning og innvandrar.

BUTIKKSJEF: Khavazhi Kuangev fortalde om utfordringane med å kome til Norge som flyktning og innvandrar. Foto:

Kungaev fortel at det var tøft å flytte til Norge, men at han likevel har vore heldig. Som overføringsflyktning er opphaldet avklart, han slapp å sitte på eit asylmottak i månader og år i påvente av behandlinga av asylsøknaden. Dei kunne starte frå dag ein med å skape sitt nye liv i Norge.

– Det var vanskeleg å flytte. Å dra frå vennene mine, og heimlandet. Ein mister alt og må begynne på scratch i eit nytt land, i ein ny kultur. Det er krevjande. Men eg var ung, 17 år gamal, og det er lettare å lære når ein er 17–18 år enn når ein er eldre. Og det er lettare å kome i kontakt med ungdommen. Det er berre to familiar frå Tsjetsjenia her i Florø, så eg måtte berre lære meg norsk.

400 søknadar utan napp

Det har ikkje berre vore enkelt for Kungaev å kome inn på arbeidsmarknaden. Det tok om lag seks år frå han kom til byen, til han begynte å jobbe. Tida brukte han til å ta forskjellige kurs, og skrive jobbsøknadar. Dei har han skrive over 400 av, utan å få napp. Den største hindringa for å kome inn i arbeidslivet er sertifikatet, meiner han.

– Nesten kvar gong eg søkte jobb fekk eg til svar at dei kravde at ein måtte ha lappen for å få jobben. Men det er ikkje så lett. Det er dyrt, og det er ikkje alle som har foreldre som kan hjelpe til å betale. Det blir litt slik at du får ikkje jobb fordi du ikkje har lappen, men du har ikkje råd til å lappen sidan du ikkje har jobb.

Men Kungaev fekk til slutt jobb. i 2009 fekk han ein moglegheit. Det som skulle vere eit tre vekers vikariat på Innvandrarsenteret blei til eit arbeidsforhold som varte i over ni år. No er han butikksjef for sin andre Rema 100 butikk. Han var med på å starte opp Rema 1000-butikken på Øyrane i Førde hausten 2017. Når det no dukka opp ein moglegheit i Florø i staden, overlét han den butikken til ein annan, og tok altså over på Amfi i Florø 1. januar i år.

Medieproblem

Innvandring er eit tema og ein debatt som engasjerer mange. Korleis er det som innvandrar og flyktning i Norge å følge den til tider ganske betente debatten på dette området? Korleis fungerer integreringa?

– Eg opplever vel at dette først og fremst er eit medieproblem. Eg les i VG at vi er på veg mot svenske tilstandar. Kva er det for noko? Vi veit ikkje. Eg synest ikkje det er så ille. Dei eg kjenner er godt integrert, er i jobb og betaler skatt. Eg kjenner ikkje Oslo, kanskje er det stader der som har problem med innvandringa og integreringa, men i så fall er det situasjonen i Oslo som legg premissane for heile debatten og det er litt uheldig. I Florø er det mitt inntrykk at det går veldig bra.

– Integrering er eit litt uheldig ord, seier Thommesen. – Det handlar ikkje om at innvandrarane skal bli heilt like oss nordmenn. Det skal dei ikkje, for då mistar vi mangfaldet. Det handlar om å få dei til å føle lojalitet til det norske samfunnet slik at dei betaler skatt med eit smil, og heier på det lokale fotballaget. Det er det som er viktig.

– Heier du på Florø Fotball, Khavazhi, og blir det opprykk i år?

– Ja eg gjer det, og opprykk trur eg vi klarar. Vi må det!

REFORMATOR: Olemic Thommesen har fått oppgåva med å reformere Høgres integreringspolitikk. Det kan bety meir individuell planlegging, språkopplæring ute i bedriftane, og det offentlege må ta større ansvar.

REFORMATOR: Olemic Thommesen har fått oppgåva med å reformere Høgres integreringspolitikk. Det kan bety meir individuell planlegging, språkopplæring ute i bedriftane, og det offentlege må ta større ansvar. Foto:

Artikkeltags