Visit Fjordkysten skal utvikle stormløyper for uvêrsturistane

STORMTURISME: Kråkenes fyr får nok ikkje nyte godt av midlane til stormløyper i denne omgang. Vågsøy kommune er ikkje med i Visit Fjordkysten.

STORMTURISME: Kråkenes fyr får nok ikkje nyte godt av midlane til stormløyper i denne omgang. Vågsøy kommune er ikkje med i Visit Fjordkysten. Foto:

FLORØ: Uvêrsturisme er eit uttalt satsingsområde for reiselivet i fylket. No har dei fått friske midlar frå fylkeskommunen til tilrettelegging.

DEL

Det har vore ein liten snakkis i fleire år allereie. Storm Watching heiter det på engelsk, men vi kan godt kalle det for uvêrsturisme, eller stormturisme. Dette har dei hatt suksess med fleire plassar i både Canada og USA, og med det vêret vi har i Sogn og Fjordane er det ikkje unaturleg at dette er noko reiselivsnæringa langs kysten i fylket vårt vil prøve å kopiere. No har Visit Fjordkysten fått tildelt 200.000 kroner frå fylkeskommunen til nettopp dette føremålet.

Pengane skal gå til utvikling av fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs Fjordkysten.

Ramma er brukt opp

Det er ti prosjekt i fylket som har fått støtte gjennom fylkeskommunen si tilskottsordning for infrastrukturmidlar til reiseliv. 970 000 kroner er no fordelte, og med det er heile den tilgjengelege ramma for 2019 er brukt, samt noko restmidlar frå tidlegare år.

Fylkeskommunen har prioritert prosjekt som stør opp om vandring som aktivitet. Dei har særleg prioritert parkeringsplassar skriv dei på heimesida si. Parkeringsplassar er ikkje godkjende i spelemiddelordninga, men dei gjer at vi kan få mest mogleg ut av tilskotsordningane fylkeskommunen forvaltar og skapar ein heilskap i tilbodet som vert gitt brukarane og reiselivssatsinga.

Desse fekk midlar

Dei prosjekta som har fått støtte er følgande:

  • Visit Fjordkysten har fått tildelt 200 000 kr til utvikling av fem merkte og tilrettelagde stormløyper langs Fjordkysten.
  • Balestrand Adventure har fått 117 500 kr til oppstart av turistbuss frå Balestrand til Fjærlandsfjorden over Gaularfjellet.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark, Naustdal kommune, Gaular kommune og Førde kommune har fått tilskot til å etablere/oppgradere parkeringsplassar i samband med turstiar.
  • Jølster Aurefest har fått tilskot på 30 000 kr til å utvikle ei nettside med digitalt fiskekart over gode fiskeplassar i Jølster.
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått midlar til å legge til rette siste del av stien til Brekkefossen i Flåm. Dette er eit prosjekt vi har støtta tidlegare og ønskjer å støtte vidare slik at ein får fullført prosjektet.
  • Vik kommune får 75 000 kr til å kartlegge og utvikle eksisterande infrastruktur av sti og grusveg til å utvikle attraktive skilta/guida sykkel- og vandreprodukt over Vikafjellet og ned til Myrkdalen.

Artikkeltags