Ber Solvik-Olsen få opp farta

Reidar Sandal.

Reidar Sandal. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I mars 2015 sa ministeren at departementet no hadde bede Kystverket om å utarbeide eit forprosjekt for Stad skipstunnel. Sogn og Fjordane Næringsråd sende tysdag brev til Samferdsledepartementet ved samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen der dei ber han setje fart på arbeidet.

LES OGSÅ: Vil realisere Stad Skipstunnel

– Å få bygt Stad skipstunnel snarast mogleg er svært viktig for oss, skriv leiar i næringsrådet, Reidar sandal.

– Vi er kjende med at Stad skipstunnel  er teken inn i Nasjonal transportplan som blei behandla i Stortinget i juni 2013, noko som er klart positivt. Det som no står igjen, er at samferdslestyresmaktene syter for at oppfølgingsarbeidet frå fagetaten skjer så raskt som mogleg, og at departementet legg til rette for utbyggingsvedtak og finansiering omgåande, skriv den tidlegare Arbeidarparti-statsråden.

Sogn og Fjordane Næringsråd peikar vidare på dei viktige grunnane til at skipstunnelen blir realisert:

– Det har skjedd mange forlis på Stadhavet. Sidan andre verdskrigen har 34 personar mist livet i dette havområdet. Det er rapportert om mange nestenforlis, skriv han men legg også til at skipstunnelen også knyt saman regionane på ein betre måte.

– Når skipstunnelen er bygd, opnar det for ei stor betring av samferdsla på kysten av Vestlandet. Det legg straks grunnlaget for å opprette hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund, med ei samle reisetid på ca. fem timar. Mellom Måløy og Ålesund  kan reisetida reduserast til 1 time og 45 min. Ei slik nyvinning vil dermed opne for pendling mellom kommunar og distrikt sør og nord for Stad. Det vil auke fleksibiliteten i arbeids- og næringslivet og kunne betre konkurransekrafta. Stad skipstunnel vil på ein effektiv måte opne for eit nytt bu- og arbeidsområde, skriv Sandal.

Artikkeltags