Ho kjem til å røyste for Vestlandsregionen

Jenny Følling, Sigurd Reksnes

Jenny Følling, Sigurd Reksnes Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er motstandar av regionreforma, men kjem til å røyste for Vestlandsregionen i fylkestinget.

DEL

– Eg deler fullstendig det prinsipielle standpunktet til partiet mitt, at regionreforma ikkje er ønskjeleg. Men det er eit faktum at eit fleirtal i Stortinget vil endre dagens fylkeskommunekart og dele Norge inn i ti større regionar. Då må vi innrette oss slik at det gagnar Sogn og Fjordanes interesser, dersom Stortinget gjer alvor av det fleirtalet der har sagt. Det er dette det no handlar om. Difor kjem eg til å røyste for intensjonsavtalen som er inngått med Hordaland og Rogaland. Det skjer ikkje fordi at eg er glad i regionreforma, men fordi vi må posisjonere oss, seier Følling.

Vedtaket nærmar seg

I dag samlast partigruppene i fylkestinget til drøftingar på Hermansverk, før desembertingseta som tek til tysdag – og der det allereie er klart at eit fleirtal kjem til å gå for samanslåing med dei to nabofylka i sør. Hordaland og Rogaland skal ta sine standpunkt i veka etter. Hoppar Rogaland av, meiner fylkesrådmann Tore Eriksen at Sogn og Fjordane bør slå seg saman med Hordaland, og eventuelt også gjere eit nytt forsøk på å få med Møre og Romsdal i ei samanslåing.

Her i fylket har både Sps gruppeleiar Sigurd Reksnes og fylkesutvalsmedlem Aleksander Øren Heen gått sterkt ut mot fylkessamanslåinga, og partiets stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete har tala regiontanken midt imot.

Følling seier at det ikkje berre må handle om å ha ei grunnhaldning, men også om å ta stilling til noko Stortinget uansett kan kome til å bestemme.

– Desse to tinga må ikkje sausast saman. Vi er bedne om å gi våre råd ut frå den føresetnaden at det skal bli ti regionar. Då meiner eg at vi må stelle oss slik at fylket vårt ikkje endar som fritt vilt. Det handlar om leiinga av regionale funksjonar som er svært viktige for oss, om fylkesmannsfunksjonen, og om at fylket vårt ikkje må splittast opp. Eg er ikkje i tvil om at det rår tankar i statsapparatet om at Sogn og Fjordane kan delast, slik at dette i neste omgang kan styrke Møre og Romsdal. Vi skuldar folk i Sogn og Fjordane å gjere vårt for å hindre at dette skjer, seier fylkesordføraren.

Ein realitet

Sp-gruppa tek til på sine avgjerande diskusjonar om Vestlandsregionen i dag.

– Heile gruppa er samd om det prinsipielle. Vi likar ikkje reforma. Men ho er ein realitet, og det må vi ta inn over oss. Det handlar om makt, mynde og fordeling av arbeidsplassar, seier Følling. Ho håpar fylkestinget vil greie å gi eit mest mogleg eintydig råd i denne store og viktige saka.

Intensjonsavtalen dei tre vestlandsfylka har inngått, legg opp til at Bergen skal bli administrasjonssenter. Rogaland får administrasjonane for opplæring, næring, kollektivtransport og idrett, Sogn og Fjordane for veg og kultur. Fylkesmannsfunksjonen for heile den nye regionen skal ligge i Sogn og Fjordane.

Nynorsken

Høyringsrunden som no har vore, viser at ingen spørsmål i saka har engasjert folk så sterkt som nynorsken. Fylkesordførar Følling seier det er heilt klart at Sogn og Fjordane må ha kravet om nynorsk som administrasjonsspråk med i det vedtaket fylkestinget no skal gjere. Fylkesrådmannen har allereie teke dette med i sitt framlegg.

– Eg trur kravet om nynorsk som administrasjonsspråk også vil kome frå Hordaland. Den fellesnemnda som skal planlegge og førebu regionen, vil ha eit stort fleirtal som er for nynorsken. Vi skal få den på plass, seier Jenny Følling.

Artikkeltags