Går vidare med intensjonsavtalen

Fylkesordførarane Jenny Følling (Sp), Anne Gine Hestetun (Ap)

Fylkesordførarane Jenny Følling (Sp), Anne Gine Hestetun (Ap) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkestinget sa torsdag ettermiddag ja til å gå vidare med samanslåingsplanane med Hordaland dersom det blir ein nasjonal regionreform.

DEL

Etter ein lengre debatt om alvoret om kva dei faktisk stemte for, gjekk Fylkestinget til votering over framlegget. Det var stundom sterke meiningsytringar mellom representantane i fylkestinget torsdag.

– Debatten her ber preg av at dette har vore ei vanskeleg sak, for vi har så ulik politisk ideologi og ståstad og ulik måte å gå inn i dette på, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) etter at debatten var over.

– Men denne prosessen viser at vi set folk i fylket framføre våre eigne ideologiske val. Men det er viktig å hugse på at det til sjuande og sist er Stortinget som tek avgjerda. Eg er sikker på at mange her skulle ønske fleire ting var meir avklart, men det er slik at det er dette vi har å halde oss til, streka fylkesordføraren under.

Framlegget som låg føre, var det framlegget som fylkesutvalet kom med 1. februar. Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti kom med motforslag, men dette fall mot 12 røyster.

Stein Malkenes og Miljøpartiet Dei Grøne kom også med eit utsettingsforslag, til det var avklart kva offentlege oppgåver det nye fylket skulle få. Dette forslaget fall.

Artikkeltags