Redningsskøyte har dundra rett i naust på Sunnmøre

Det er redningsskøyta "Idar Ulstein" som har køyrt på land ved Haram i dag, torsdag.

Det er redningsskøyta "Idar Ulstein" som har køyrt på land ved Haram i dag, torsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Redningsskøyta "Idar Ullstein" har køyrt rett på land, ein person er skadd.

DEL

Redningsskøyta "Idar Ulstein" køyrde på land og inn i eit naust ved Grytastranda i Haram på Sunnmøre i dag, melder Sunnmørsposten.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.28, og både politi, helsepersonell og luftambulanse er på staden.

Det skal vere ein person som har fått skade, og som blir behandla på staden. Ifølgje augevitne er det store skader på redningsskøyta, og båten skal ha hatt stor fart då den trefte land.

Artikkeltags