- Overbevist om at Redningsselskapet framleis satsar i fylket

Fylkesordførar Jenny Følling er overtydd om at Redningsselskapet framleis vil satse på Sogn og Fjordane. Til høyre generalsekretær Rikke Lind. Foto: Pressefoto.
Redningsselskapet møtte torsdag fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i spissen for ordførerdelegasjonen frå fylket.
Bakgrunnen for møtet er sterke reaksjonar på at Redningsselskapet flyttar eit årsverk frå Florø til Bergen i samband med at selskapet ønsker å styrke regionane over heile landet. Det skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Redningsselskapet forlet Sogn og Fjordane
LES OGSÅ: – Ein hån mot dei frivillige
LESOGSÅ: Legg ned strikkepinnane for Redningsselskapet
– Vi har hatt eit godt og konstruktivt møte med representantane frå Sogn og Fjordane, der vi har lytta til kvarandre og saman sett på våre framtidsplanar for Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, seier generalsekretær i Redningsselskapet, Rikke Lind i pressemeldinga.
Til stades på møtet var Fylkesordfører Jenny Følling, ordførar i Flora Ola Teigen, ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, ordførar i Askvoll Frida Melvær og varaordførar Marius Strømmen i Bremanger kommune. I tillegg deltok Nils Myklebust fra Sogn og Fjordane Fiskarlag.
Lind fortel at Redningsselskapet er ein organisasjon som kvar dag jobbar for å auke beredskapen langs kysten og legge til rette for å styrke frivilligheita.
– Vi bruker kvart år opp mot 14 millionar kroner på å vere til stades i Sogn og Fjordane, blant anna gjennom drifta av RS «Halfdan Grieg» og sjøredningskorpsa i Måløy, i Gulen og Solund. De siste to åra har vi hatt 350 redningsoppdrag, seier Lind.
Redningsselskapet ønsker å satse offensivt i Sogn og Fjordane, hevdar dei i pressemeldinga, og skriv vidare at kontoret i Florø vil "bestå med endra bemanning". Det vil bli oppretta eit nytt sommarkontor i Måløy, og det vil komme ein ny Elias-båt i Florø. Redningsselskapet vil også satse på kurstilbod, og sjå på etableringa av nytt sjøredningskorps i indre deler av Sogn og Fjordane.
– I dag har vi fått mange gode innspel til korleis vi kan auke beredskapen og den frivillege aktiviteten i fylket. No ser vi fram til det vidare arbeidet vi kan gjere saman for å auke beredskapen langs kysten i Sogn og Fjordane, seier Rikke Lind.
Kommentarer til denne saken