Redningsselskapet forlet Sogn og Fjordane

Artikkelen er over 4 år gammel

Florøkontoret blir flytta til Bergen.

DEL

Ifølgje ein intern mail flyttar Redningsselskapet kontoret i Florø til Bergen.

- Dette er ei kunnskapslaus avgjerd som er basert på mangel på forståing for kysten sine behov, tordnar mangeårig medlem og distriktsstyreleiar på andre perioden i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane, Olav Steimler.

Han seier no frå seg vervet og medlemskapet i protest.

- Dette ønskjer eg ikkje vere ein del av. Eg kan ikkje identifisere meg med avgjerder av denne karakter. Eg kan ikkje sjå medlemmene i augo her ute og seie at vi blir styrt frå Bergen, strekar han under.

Forlatt på en holme

Steimler meiner Redningsselskapet med ein epost forlet støttespelarar og næringsliv, engasjerte frivillige og eit stort behov for å redde liv og verdiar.

- Og dei trur, i mangel på kunnskap, at dette kan løysast betre ved å flytte våre ressursar ut av området, og til eit kontor som på grunn av overbelastning vil sluke alt av innsats, poengterer Steimler.

Beredskapen og redningsskøytene vil rett nok bli verande som i dag, men alle aktivitetar skal koordinerast frå Bergen. Martin Malkenes har i fleire år leia kontoret frå Florø, og har arrangert sommarskular og promotert Eliasbåten - viktige, førebyggjande bidrag til å auke tryggleiken på sjøen, som no vil bli drivne frå Bergen.

- Eg har trudd at Redningsselskapet var noko anna. At det var vårt. At dei som leia Redningsselskapet jobbar for oss ute i havgapet – dei på Stad, i Nordsjøen, øysamfunna, kystfolket, fiskebåtane, kystnæringane, skyssbåtane, ferjene, småbåtane og feriefolket. Arbeider i vårt nærområde og våre lokalsamfunn, slik at våre barn skal få gode haldningar – at dei ikkje skal drukne. Det er bortimot umogleg å få til uten lokal nærver fra Redningsselskapet, presiserer Steimler.

Samlokalisering

Kristin Wiig Sandnes, leiar av Distrikt og førebyggande avdeling, stadfestar at Redningsselskapet vil flytte årsverket i Florø til Bergen.

– Vi ønsker å dra meir effektivitet og trivsel ved å samlokaliserer dei to årsverka i Sogn og Fjordane og i Bergen. Eg håper vi på den måten skal klare få ut meir effektivitet ut av årsverka ved å jobbe på ein smartare måte, seier Wiig Sandnes og peikar på at dei to distriktskoordinatorane i dag sit og planlegg kvar for seg.

– Saman skal dei kunne utnytte kompetansen og kunnskapen betre, seier ho.

Redningsselskapet reknar med at årsverket i Florø vil vere på plass i Bergen utpå nyåret.

Uroa for frivilligflukt

Ho meiner det er trist at distriktsstyreleiar Olav Steimler trekker seg i protest.

– Eg synest det er veldig beklageleg, Olav Steimler er ein dyktig mann som har jobba godt for redningssaka over mange år, og eg er glad og stolte over alle dei frivillige vi har i Sogn og Fjordane. Skulle han ombestemme seg ved eit seinare tidspunkt, er han alltid velkommen attende, seier ho.

– Er du ikkje redd for at flyttinga av florøkontoret vil få fleire av dei frivillige i fylket til å trekke seg i protest?

– Sjølvsagt er eg det, samstundes veit eg at dei er opptekne av å halde oppe tilbodet til barn og unge. Eg håper berre dei friville ser kor smart det er at regionskoordinatorane jobbar tettare mot kvarandre, seier ho.

Eliasbåten blir verande

– Men er det, som Steimler peikar på, allereie stor belastning ved kontoret i Bergen?

– Det er ein påstand eg vil avvise. Det er høg arbeidsbelastning ved alle kontora våre, og i alle posisjonane i selskapet, også i Bergen. Og sikkert ved kontoret i Florø. Eg tenker at ein ved å samarbeide tettare vil oppnå meir.

– Forsvinn sommarskulen og Eliasbåten?

– Dei tilboda vil vi ha i framtida også, så det blir ingen endringar i aktivitet. Vi skal heller klare å auke den, og bli flinkare. Ambisjonsnivået vårt endrar seg ikkje, presiserer Wiig Sandnes.

Det har ikkje Olav Steimler mykje tru på.

– Utan ein koordinator som Martin Malkenes lokalt vil dei slite med å finne frivillige. Utan Martin, er det ingen som spør, og er det ingen som spør, er det heller ingen frivillige til å drive Eliasbåt og sommarskule. Det er ein utopi å tenke å drive dette utan ein lokal koordinator, seier han.

Artikkeltags