Ungar skal ha sett mann falle i elva - blei iverksett

Artikkelen er over 1 år gammel

NORDFJORDEID: Redningshelikopter frå Florø deltok i leiteaksjon etter meldingar om at ein mann fall i Eidselva.

DEL

Politiet fekk i halv ni-tida onsdag kveld melding om at ein mann var sett ramle i elva på Nordfjordeid, ikkje langt frå festivalområdet til Malakoff i Jektevika.

Meldinga utløyste full alarm, og både redningshelikopteret frå Florø, brannmannskap, luftambulanse og dykkarar blei sett i sving.

Det skal vere ungar/yngre personar som gjorde observasjonen. Etter ein to og ein halv times leiteaksjon, melde politiet ved 23-tida at dei har fått snakka med ungane som gjorde observasjonen, og at sprikjande forklaringar no tyder på at det ikkje er grunnlag for noko vidare leiteaksjon.

Det skal heller ikkje vere personar som er meldt sakna, og fiskarar i elva skal heller ikkje ha observert noko.

Artikkeltags