Redningsaksjon utanfor Silda i Vågsøy

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Redningsmannskaper leitar no etter spor i sjøen, etter at ein person på land hadde observert noko som likna master som sokk i sjøen. Hovudredningssentralen skildrar observasjonen som usikker, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Redningsskøyta «Simrad Buholmen» har rykt ut frå Måløy. I tillegg er eit redningshelikopter på veg.

– Det er ein som har ringt til politiet og meiner at ein båt har gått ned mellom Vågsøy og Silda, seier Bjørn Jarle Åmlid ved HRS til Firda.

Observasjonen er ifølge Åmlid usikker, fordi innringar sjølv var usikker på kva han hadde sett. Den som melde frå meinte det også kunne vere ein ubåt som dykka, men HRS trur ikkje det kan vere ubåt så nær land. Uansett blir det søkt i området i tilfelle ein båt har havarert.

– Vi er litt usikre, men vel å gjere eit søk i området. Om det er ein båt som har gått ned, går vi ut frå å finne vrakrestar, seier Åmlid.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken