Gå til sidens hovedinnhold

Redda ut av brennande hus i Svelgen

Artikkelen er over 17 år gammel

BREMANGER: Mora fekk redda ut alle tre ungane, då det braut i brann i eit rekkehus i Svelgen i dag tidleg.

Fire kattungar døydde i brannen. Far var gått til jobben og mora vakna opp av ein ulmebrann og sterk røykutvikling. Huset vart totalskadd. Mora fekk tømt eit brannslukkingsapparat og redda ut to av dei tre borna. Ho melde frå til naboen som var behjelpeleg å redde ut den tredje ungen gjennom eit soveromsvindauge i det to-etasjers rekkehuset med sju leiligheiter. Familien vart sendt til legesjekk. Det var ingen fysiske personskadar.

Meldinga kom til alarmsentralen 07.57 og klokka 08.20 kunne lensmannen melde tilbake om at han var til stades. Politiet seier det er tidleg å sei noko om brannårsaka, men at mykje peikar mot at det var ein elektrisk feil som utløyste brannen.