Raudgrønt fleirtalssamarbeid i Bremanger

Bremangerordførar Karl Vidar Førde, kona Sonja og sonen Håkon kan kanskje titulere seg som innbyggjarar i årets nynorskkommune 2011.

Bremangerordførar Karl Vidar Førde, kona Sonja og sonen Håkon kan kanskje titulere seg som innbyggjarar i årets nynorskkommune 2011. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Karl Vidar Førde tek over ordførarklubba

DEL

Karl Vidar Førde (Sp) frå Ålfoten blir ny Bremanger-ordførar.

Det går fram av ei pressemelding sendt ut i kveld.

Ap, Sp og SV har avtala eit raudgrønt samarbeid. Dei tre partia har til saman 12 representantar og dermed fleirtal i kommunestyret.

Avtalen innebær at Karl Vidar Førde blir ordførar, medan Nina Grotle (Ap) blir varaordførar.

Samarbeidet stiller felles liste i formannskapet. Fordelinga i formannskapet blir to til Arbeiderpartiet og to til Senterpartiet. SV får første vara i formannskapet.

Artikkeltags