Eit større jordskred har gått over ein anleggsveg mellom Stølsdalen og Nørdstedalseter i Fortunsdalen i Luster. Det melder Vest politidistrikt klokka 09.33 ifølge Firda.

Raset er mellom 50 og 100 meter breitt, skriv politiet. Ingen menneske er tatt av raset. Hydro er på veg til rasstaden med helikopter.

Delar av anleggsvegen på staden skal vere riven bort, ifølge politiet.

Luster kommune er orientert, og Vest politidistrikt melder klokka 09.54 at politiet ikkje sender patrulje til staden.