Steinras stengde Kleivatunnelen i Jølster

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Fredag klokka 20.15 melde Vegtrafikksentralen vest om at det hadde gått eit steinras på riksveg 5 i Jølster, og at Kleivatunnelen var stengd.

– Det har gått eit ras over riksveg 5 i nærleiken av Kjøsnesfjorden. Vi veit ikkje noko meir enn det. Vi sender ut entreprenør no, sa vaktoperatør Ove Amundsen til Firda klokka 20.16.

Litt etter klokka halv ni hadde Johannes Fossheim vore ute og undersøkt vegen.

– Vi har vore på staden og sett, men der var det ikkje noko ras. Trafikken går som normalt, fortel han.

Klokka 20.45 melde vegtrafikksentralen at vegen var open igjen.

Saka blir oppdatert.

Magnus måtte la bilen stå igjen i raset





Artikkeltags

Kommentarer til denne saken