E39 ved Grimsbø er opna

DEL

FIRDA.NO: Klokka 06:32 melde vegtrafikksentralen på Twitter at E39 Moskog – Grimsbøen er opna, og at det blir leiarbil-køyring der framover. Ventetida er opptil femten minutt. Dessutan er fylkesveg 615 Skarpsvoratunnelen ved Åreneset i Gloppen opna. Der kan ein måtte vente opp mot ein time mellom 07:00-16:00.

– Framover no vil vegen frå Grimsbøen vere open, og når vi er ferdig å sikre og rydde vil vegen opne for fri ferdsel, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen Idar Sangolt.

Artikkeltags