Desse vegane er stengde på grunn av ras og rasfare

Tysdag ettermiddag og kveld har det gått fleire ras enn politiet har oversikt over.

DEL

Desse vegane er ifølge Firda stengde per tysdag kveld klokka 22.35:

E39 mellom Førde og Skei er stengd på grunn av flaum og jordskred mellom Moskog og Skei. Også fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet er no heilt stengd for trafikk/omkøyring på grunn av flaumskred.

Det blir sett opp ekstra ferjeavgangar på Dragsvik - Hella natt til onsdag. Fjord1 vil legge ut tider på sine heimesider. Ferja vil gå ved behov, berre viss det er bilar på kaien til oppsett tidspunkt, melder vegvesenet.

Fylkesveg 615 og 691 ved Hyefjorden er stengde på grunn av flaumskader.

Fylkesveg 691 ved Tverellva bru mellom Hyen og Ommedal. Vegen er stengd på grunn av flaum og opnar ikkje i dag. Brua er skylt vekk av massane av vatn.

Fylkesveg 610 mellom Sande og Eldalsosen er stengd på grunn av fare fore ras.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet, mellom Moskog og Dragsvik er også stengt på grunn av fare for ras.

Fylkesveg 13 er også stengd på Holsen i Førde på grunn av flaum.

Kraftig nedbør har ført til skader på vegar og bruer i Sunnfjord og Nordfjord i ettermiddag.

Statens vegvesen melder at dei har kalla inn personell og jobbar med å få oversikt over situasjonen og å støtte naudetatane.

Geolog og bruekspertise er på veg for å synfare skadane.

Trafikken på E39 blir omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei. Arbeid i Vadheimstunnelen blir midlertidig innstilt for at trafikken skal kome seg fram.

Nytt ras i Jølster – ein bil skal vere teken og personar vert evakuerte

Over 150 personar evakuerte frå rasområda – politiet har ikkje fullstendig oversikt over talet på ras

Jørgen (18) kom rett til flaumkaoset på E39: – Elva er over alle breidder

Artikkeltags