Rv. 5 stengd mellom Førde og Naustdal

Foto:

Av , og
Artikkelen er over 3 år gammel

Skadar på vegbana etter ein stor stein som har gått vidare i fjorden.

DEL

Klokka 21.45 onsdag kveld fekk Firda tips om at bilar stod med naudblink på rv.5. Folk i området høyrde eit veldig bråk frå fjellsida.

Klokka 22.00 stadfester politiet at det er meldt om stein som har komme ned i vegbana på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Det skriv Firda.

Torsdag morgon opplyser politiet på Twitter at kommunalveg og privatveg over Hesjedalen er stengd til riksvegen er opna for trafikk att.

09.00 melder politiet på Twitter at vegen er opna for trafikk att, men at det er manuell dirigering på staden.

Raset skal ha gått i Skredvika, ved Furevika, der det ofte kjem ned stein.

Ny vurdering vil bli gjort på torsdag klokka 10.00, melder vegtrafikksentralen.

Kartet syner strekninga ved «Skredvika» på Rv 5, som ligg i skredsikringsbehovslista til vegvesenet.

Kartet syner strekninga ved «Skredvika» på Rv 5, som ligg i skredsikringsbehovslista til vegvesenet. Foto:

 

Artikkeltags