Steinras mellom Davik og Dombestein

RAS: Torsdag føremiddag raste steinar ut i fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein.

RAS: Torsdag føremiddag raste steinar ut i fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein. Foto:

DEL

Klokka 10.00 melder politiet at det er gått eit steinras over fv. 616 Høgeneset mellom Davik og Dombestein. Vegen er stengd, fortel byggeleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen i Fjordane til Firdaposten.

– Det har komme steinar ned ei skjæring og over fylkesvegen. Raset er ikkje stort, men vegen er stengd inntil vidare. Omkøyring blir gjennom bortnetunnelen og via Rugsund, seier han til Firdaposten klokka 10.35.

Vegen er no opna att.

Artikkeltags